Stappfullt: Mange er engasjerte i togtilbodet på Sørlandsbanen. Det er folkemøtet i Bø torsdag kveld eit synleg bevis på.

Bane NOR og Go-Ahead lovar forbetring på Sørlandsbanen

Jernbane-aktørane Go-Ahead og Bane NOR fekk mange tilbakemeldingar å ta med seg inn i arbeidet med å forbetre togtilbodet på Sørlandsbanen etter folkemøtet i Bø torsdag kveld førre veke.

Arrangør: Det var Senterpartiet i Nome og Midt-Telemark som stelte i stand folkemøtet. Hans Kristian Lahus frå Nome Sp blei ikkje overraska over at så mange møtte opp.

Nome og Midt-Telemark Senterparti arrangerte torsdag kveld førre veke folkemøte med Go-Ahead og Bane NOR i høve til det sviktande togtilbodet på Sørlandbanen. Det måtte bli henta inn fleire og fleire stolar då dei frammøtte etter kvart talde over 130 stykk.

– Det overraskar ikkje at så mange møter opp. Sørlandsbanen betyr mykje for oss bur her. Kvar dag blir hundrevis av passasjerar og gods frakta inn og ut av kommunane våre, innleia Hans Kristian Lahus frå Nome Senterparti.,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rammar mange grupper

Tidslina: Siri Blichfeld Dyrland fortalde om då ho og fleire andre ordførarar byrja å ta tak i togtilbodet på Sørlandsbanen og dit dei er kome i dag.

Ordførar Siri Blichfeld Dyrland frå Midt-Telemark kommune gjekk gjennom tidslina over kva som er blitt gjort under togtrøbbelet. Med alt frå ordføraropprop, besøk til statsråd, møte med Go-Ahead og meir. Dette har også drangedalsordføraren tatt del i.

– Plutseleg blei både avgangar og informasjon dårlegare og dårlegare. Folk likar å ta toget og det er ein grei måte å koma seg fram på. Det rammar mange grupper når det sviktar. Me må satse på toget om me skal tenke berekraftig.

Heldigvis har både ho og dei andre ordførarane fått signal om dei ti stoppa som er tatt ut skal koma tilbake i 2025.

Krengesystemet fungerer ikkje

Forklarte seg: Emil Eike og Erlend Nyheim frå Go-Ahead la sin versjon av togtrøbbelet på bordet, og forklarte kvifor det er så mykje forseinkingar og innstillingar på Sørlandsbanen.

Emil Eike, som er administrerande direktør i Go-Ahead Norge, tok toget til Bø og understreka at det var i rute.

– Kanskje hjelper det med ordføraropprop? Det er nok meir som må til. Det er samansett. Me skal ikkje prøve å bortforklare noko. Kollektivtransporten fungerer bare når folk kan stole på den. Tog som går og er i rute er vår prioritet nummer ein, forsikra han den lyttande salen om.

Med seg hadde han Erlend Nyheim, som er driftssjef i Go-Ahead. Han har vore med sidan Go-Ahead tok over i 2019. Eike byrja å jobbe i NSB i 2001, og byrja i Go-Ahead i fjor.

– Eg har sett sektoren frå alle kantar. Når me konkurransesett ein strekning som Sørlandsbanen, så får me eit sett med tog. Desse er det bare me som nyttar. Det som er spesielt med dei blå toga på Sørlandsbanen er at det 25 år gamle krengesystemet ikkje fungerer heilt og det kjem meir til syne nå, seier Eike.

– Som ein holete grusveg

Om standarden på sjølve jernbanen seier Eike:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Flytoget køyrer på motorveg. Det me køyer på her er som ein holete grusveg opp til hytta. Frå 2019 til 2020 har feil på tog gått opp mykje på grunn av dette. Det er difor me får forseinkingar og innstillingar. Det er krevjande og vanskeleg med enkeltspora drift.

Han forsikrar om at krengetoga blir teke tak i.

– Me, saman med togeigar Norske tog AS, gyv nå laus på dei blå toga for å få orden på krenginga. Akkurat nå testar me reparasjonar på eit av toga. Fungerer dette tek me resten av toga også. Vårt mål er at ruteplanen i 2025 skal bli som den var i 2023.

Stor investering til Neslandsvatn

Jobbar på: – I år brukar me over ein milliard på køyreleidningsanlegget mellom Neslandsvatn og Kristiansand. I løpet av 2024 skal også heile Sørlandsbanen vera rydda for tre, forklarte prosjektsjef i Bane NOR Arne Bujordet.

Arne Bujordet, som er prosjektsjef i Bane NOR, har 33 års erfaring i jernbanen. Han forklarte om Bane NOR sine oppgåver, som er å ta vare på infrastruktur, teknologi, utbygging og eigedom.

– I år brukar me over ein milliard på køyreleidningsanlegget mellom Neslandsvatn og Kristiansand. I løpet av 2024 skal også heile Sørlandsbanen vera rydda for tre. Men då må me snakke med mange naboar av jernbanen. Når me får rydda blir det færre viltpåkøyrslar.

Han fortalde om for små stikkrenner på ein jernbane som blei ferdigstilt under krigen.

– Med dagens nedbør er stikkrennene for små. Me byter også skjener, sporvekslarar, måler bruer, sikrar tunnelar for vatn og is, sliper skjener og mykje meir. Me jobbar meir og meir kvar dag for å få færre feil.

Forventar jernbanefokus

Uroa: Fylkespolitikar Anne Nora Oma Dahle fortel at ho tenker på elevane som har bore mykje av ulempene med toget i vinter.

Neste opp på talarstolen var Anne Nora Oma Dahle, som er leiar for hovudutvalet for samfunn i Telemark fylkeskommune.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Sørlandsbanen er viktig for fylket og regionen vår på grunn av jobb- og skulependling. Denne vinteren har påført mange frustrasjon. Me i fylkeskommunen er uroa over folks endring i reisevanar på grunn av dette, sa ho.

Ho fortel at det har vore nyttig å løfte ordførarane i dei råka kommunane inn i dialogen.

– Togstoppa i Drangedal, Bø, Lunde og Nordagutu samlar opp passasjerar frå kommunane rundt også. Nasjonal transportplan (NTP) skal opp til behandling og vedtak før sommarferien. Tidlegare har ikkje denne planen hatt så stort fokus på jernbanen, men det har me forventingar om nå når me skal presentere Sørlandsbanen inn mot NTP-komiteen.

Bekymra for skuleelevane

Dahle fortel at fylkeskommunen har ansvar for og er bekymra for skuleelevane som skal ta toget.

– Me tenker på elevane som har bore mykje av ulempene i vinter. Det tek lenger tid med buss enn tog. Fylket oppdaga at mange elevar ikkje kjem seg heim.

Dette er det ein tilsett i fylkeskommunen som loggfører avvik for og rapporterer inn til Jernbanedirektoratet.

– Signala me får i dag gjev grunn til då tru at problema blir rydda opp i løpet av 2024. Folkets engasjement har gjort at me politikarar har jobba mykje med dette, seier ho til Drangedalsposten.

Etter ei pause fekk salen sleppe til med spørsmål og tilbakemeldingar til politikarar, Bane NOR og Go-Ahead.