Stoppa: Ein politipatrulje stoppa person under 18 år med promille bak rattet ved Hulfjell natt til laurdag.

Ung sjåfør tatt med promille

Utan førarkort, men med promille, sat tenåringen seg bak rattet. Deretter møtte han på politiet.

Klokka 01.30 laurdag stansa politiet eit køyretøy ved Hulfjell. Føraren, som var mindreårig, blei stansa med promille av politipatruljen. Vedkomande hadde ikkje førarkort. Politiet vil sende bekymringsmelding til barnevernet etter hendinga.

Ifølgje politistasjonssjef Øystein Skottmyr skal 17-åringen vera frå Grenland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fredag var det også promillekøyring i Drangedal: