IKKJE NØGD: Jørgen T. Bø likar ikkje vedtaket fleirtalet fekk gjennom i kommunestyret seint torsdag kveld. Han er redd det er for seint innan tre år om det ikkje blir ei revidering av minstearealet for elg.

Meiner politikaranes vedtak er fatalt for elgstamma

Jørgen T. Bø er skuffa over kommunestyrets vedtak for minsteareal for elg, hjort og rådyr. – Delar av politikarane har forferdeleg lite kunnskap, seier Bø.

Den erfarne jegeren Jørgen T. Bø måtte vente lenge før saka han brenn for blei teke opp i kommunestyret torsdag kveld. Han blei både sint og skuffa då vedtaket på minsteareal for hjort og elg på 4 000 dekar dei neste åra blei banka inn.

– Delar av politikarane har forferdeleg lite kunnskap. Dei veit lite om kva som går føre seg ute i skogen, konkluderte han med etter vedtaket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For seint for elgens del

I FARE: Jørgen T. Bø meiner elgstamma i Drangedal står i fare med kommunestyrets vedtak torsdag kveld. ARKIVFOTO

– Om me utsett endring av minstearealet i tre år til kan det vera for seint for elgens del, seier han til Drangedalsposten.

Han synest at høyringsfristen var alt for kort og at politikarane ikkje fekk godt nok grunnlag for å ta rett vurdering.

– Eg synest det snart er på tide å få på plass ei viltnemnd i Drangedal. Då eg høyrde kor usikre mange av politikarane var då dei vedtok saka, så hadde det vore på plass med fagfolk som på førehand kunne vurdert forvaltinga av hjorteviltet i Drangedal.

– Når avskyting for elg, som helst bør ligge på minst 70 prosent som tidlegare anbefalt frå kommunen, kjem ned på 52 prosent då bør det ringe ei bjølle, seier Bø.

Store dyr blir skote ved store kvoter

– Heldigvis er jegerane så fornuftige at dei ser an kor mykje elg som er i skogen og tek ut minst mogleg. Er kvotane for store er det lett for å bli slik at dei store dyra blir skyte og skrapdyra gåande att. Då blir det som regel ingen sunn viltstamme, seier Bø.

Han er redd det er for seint innan tre år om det ikkje blir ei revidering av minstearealet for elg.

– Eg håpar endeleg at dei som styrer for administrasjon og utval brukar konsekvent 4 000 mål og minst mogleg prosentavvik når ekstra dyr blir tildelt under jakta.

Ikkje plass til begge

Hjorten er i sterk i vekst og difor ønsker Bø at den blir skattlagt hardare. For få år sidan blei det skyte rundt 40-50 hjort i Drangedal. I fjor blei det skote omtrent 100, kan han fortelje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg trur ikkje me har plass til både ei stor hjortestamme og ei middels elgstamme med tanke på mat, skade på innmark og skog, og trafikkfare.

Vanlegvis så har alle beitetakseringar i Drangedal og kommunane rundt vist at det er for lite beite og kvalitetsbeite som fører til små dyr.

– Dette trur eg ikkje stemmer heilt. Faren ved ein slik konklusjon er at det blir gjeve ut for store kvotar.