Godt initiativ: Ordførar Stina Anlaug Sætre likte SVs forslag om å utgreie moglegheita for å finansiere tilskot til drift av utstyrssentral med base hos Drangedal produkter.

Positiv til utstyrssentral hos Frivilligsentralen

Ordførar Stina Anlaug Sætre meiner det er ein god idé å flytte utstyrssentralen til Frivilligsentralen inn i eigna lokale hos Drangedal produkter, men etter ein debatt i kommunestyret valde ho å ikkje stille forslag om at kommunedirektøren skulle sjå nærare på ei løysing.

Slik svarte ordførar Stina Anlaug Sætre (Sp) på interpellasjonen frå Drangedal SV .

«Dette synes jeg er et godt initiativ. Vi har alle kunnet lese i avisa om at Frivilligsentralen sliter med lokalene til utstyrssentralen sin, og at Drangedal produkter har egnede lokaler til dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jeg støtter SVs forslag til vedtak, og fremmer følgende forslag:

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å utrede muligheten for å finansiere tilskudd til drift av utstyrssentral med base hos Drangedal produkter. Driften av utstyrssentralen vil være et samarbeid mellom Drangedal produkter og Drangedal frivilligsentral.

Jeg håper kommunestyret kan slutte seg til dette forslaget.»

Skeptisk til vedtak

– Dette er jo eit spørsmål om pengar, men det må koma ved eit seinare høve. Det me ber om nå er at kommunedirektøren ser på saka for å finne ut kva det vil koste, sa ho til kommunestyret i førre møte.

Hilde Heimholt Furunes (Ap) og Aadne Røilid (Krf) blei erklært ugilde og var ikkje med i handsaminga av vedtaket på grunn av sine roller i samband med Frivilligsentralen.

Dag Arild Brødsjømoen (Frp) meiner tiltaket er godt, men er likevel skeptisk til eit vedtak om det i samband med interpellasjonen.

– Me kan heller ta dette til orientering og få dette tilbake som ei sak der me ser kor mykje dette kostar. Det er også andre lag og organisasjonar med frivillig arbeid i bygda som treng pengar, sa han.

– Då har me eit stort problem

Henny Nesland (Frp) gav Brødsjømoen støtte. Ho synest det blir svært enkelt å bare seie til kommunedirektøren at nå treng den og den pengar og be han sjekke ut saka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Då har me eit stort problem framover, for det er mange som treng pengar. Så lettvint kan det ikkje vera. Dei får koma med ei sak, slik dei fleste andre må.

– Me ber ikkje kommunedirektøren om pengar, men om at han ser over kostnadar, svara ordføraren.

– Fordekt måte å søke pengar

Magnus Straume (Ap) forklarte at han har stor forståing for interpellasjonen og behovet som ligg der, men var skeptisk til måten dette skulle gjerast på.

– Det reint prinsipielle som går på at det kjem ein operasjon som kan medføre ei økonomisk utteljing synest eg er ein uheldig måte å gjera det på. Eg synest heller me skal ta dette til orientering.

– Dette er ein fordekt måte å søke om pengar på og det trur eg ikkje me skal opne for. Intensjonen er svært bra, men me må heller tipse om å sende ein søknad. Så skal me heller handsame den, sa Arnt Olav Brødsjø (V).

Sjølv om det er blitt gjort slike vedtak til både Kroken barnehage og ungdomsklubben på Neslandsvatn ved interpellasjonar tidlegare, så valde kommunestyret til slutt å ikkje be kommunedirektøren om noko utgreiing.