Gledeleg nyheit: Osmund Jensen kunne glede kommunestyret med svært positive tal.

Drangedal gjekk med 14,6 millionar kroner i pluss i fjor

Årsoppgjeret for 2023 ser nå ut til å bli over to millionar kroner høgare enn det såg ut til i desember.

Økonomisjef Osmund Jensen hadde gode nyheiter då han orienterte kommunestyret kort om årsoppgjeret og det økonomiske resultatet for 2023. Dette skulle eigentleg vore klart 22. februar, men administrasjonen blei forseinka i prosessen fordi fjoråret var eit svært spesielt år for økonomiavdelinga med stort skifte av mannskap (over halvparten er bytta ut) og dei som var sentrale i årsoppgjeret i fjor er ikkje med lengre. I tillegg har det vore ikkje mindre fire økonomisjefar i Drangedal kommune i løpet av 2023.

– Me har mista litt av kontinuiteten og oversikta, men det betyr ikkje at me ikkje klarar å levere eit forsvarleg årsoppgjer. Det har bare teke litt lengre tid enn det normalt vil gjera, seier Jensen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Positivt for kommunens del

Men den som ventar på noko godt, ventar som kjend ikkje forgjeve. Indikasjonen for resultatet for 2023 viser seg å vera svært positivt for kommunens del.

– Den siste prognosen for 2023 som me gav før jul var eit overskot på i underkant av 12,2 millionar kroner. Det som er hyggeleg å formidle i dag er at i botn av reknearket så står det 14,6 millionar kroner i pluss, seier ein nøgd økonomisjefen.

Då kommunestyret fekk greie på dette ein sein møtekveld midt i mars braut politikarane ut i applaus, latter og jubel.

– Grunnen til at me får eit såpass godt resultat i eit såpass turbulent år med renteauke og anna, er at Drangedal har ei svært nøktern drift. Det får me att for nå. Me har klart å meistre utfordringane på ein god måte.

Vil framleis vera skjær i sjøen

Økonomisjefen gav ekstra ros til helse- og omsorgssektoren i Drangedal, som han fortel at driv svært effektivt.

– Premieavvik for pensjonar ligg også i botn og det er eigentleg det som har fått resultatet dit det er. Det var eksepsjonelt stort i 2023. Det er 15 millionar høgare enn det som er eit normalt premieavvik. Den underliggande drifta i Drangedal driv framleis og vakar rundt null. Det betyr at me er framleis i den situasjonen som er skildra i økonomiplanen. Der nokre år er like over null og andre rett under, held Jensen fram.

Han åtvarar om tøffe budsjettrundar framover trass i rekneskapsmessig positivt resultat. Nå kan heldigvis fonda blir styrka med rundt ti millionar kroner i 2023.

– Det gjer at me har meir å stå i mot med tanke på dei utfordringane som kjem framover. Men det er ikkje grunn til å seie at nå har me svært mykje pengar her og at me kan finansiere det og det. Det er mange skjær i sjøen framover, avsluttar han.