Juletre: Juletre til gjenvinning.

Denne feilen etter jul kan skade pipa di

Høge straumprisar gjer at fleire fyrar i omnen, men ei stor freisting etter jul kan føre til alvorleg skade.

– Omnen er den siste manuelle innretninga som står i hus. Med så høge straumprisar som no, vil mange truleg prøve å bruke den meir, men alt som er manuelt, kan bli misbrukt, seier forskar på vedomnteknologi Morten Seljeskog ved SINTEF.

6. januar er 13. dag jul, ein dag då ein ifølgje tradisjonen skulle kaste ut jula. Med dei høge straumprisar er det kanskje fleire som vil kombinere å kvitte seg med juletreet og å spare nokre kroner på straumen ved å fyre omnen med treet. Det kan gjere stor skade på pipa, fortel Seljeskog.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dei som fyrer med juletreet, plar kutte av greinene og legge dei inn saman med veden. I nålene på greinene er det mykje energi i innhaldet av kvae, som skapar stor varmeutvikling og gjer at flammane slår oppover i pipa.

Det kan i verste tilfelle føre til pipebrann, noko som auka mykje i fjor.

Fleire pipebrannar

Rådet frå Seljeskog er å berre brenne fin, tørr ved utan barnåler.

Sjølve stammen på juletreet kan brukast som ved om han blir tørka og greinene fjerna.

Seljeskog rår også til ikkje å fylle opp omnen for mykje når ein skal brenne, ein feil han ser hos fleire som ikkje har brukt mykje omn før.

– Begynn forsiktig. Å fyre i omnen er litt som å køyre ein bil, du tråkkar ikkje full gass frå start.

Han seier også det er viktig å ta seg tid når ein skal fyre, og å følgje med på omnen når han er i bruk.

– Fleire forventar at det berre er nok å tenne på veden, så går det av seg sjølv og dei kan gjere andre ting som å lage mat eller kike på mobilen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Juletre til gjenvinning

Om du skal levere juletreet til gjenvinning, skal det sorterast som hageavfall ved gjenvinningssenteret.

Der blir det malt og attvunne til kompostjord, biobrensel og biogass.

På sortere.no kan ein finne detaljert informasjon om innlevering av juletre i sin kommune.

(©NPK)