Får hjelp: Ole-Kristian Honerud får hjelp av Casper Sira, Elise Reiersdal og Malin Sofie Hagen Lien når Byting kjem til Drangedal.

Desse unge kulturvertane tek seg av den eine konserten etter den andre

Åttandeklassingane Casper Sira, Elise Reiersdal og Malin Sofie Hagen Lien skal vera med å arrangere den rusfrie konserten med Byting. Dei er kulturvertar gjennom Den kulturelle skulesekken.

Arrangerer konsert: Åttandeklassignane Elise Reiersdal (t.v.), Malin Sofie Hagen Lien og Casper Sira er med på å arrangere Byting-konsert.

Byting er litt framand musikk for Casper Sira (14), Elise Reiersdal (13) og Malin Sofie Hagen Lien (14), så dei er spente på å høyre og møte bandet på ungdomskonserten 1. juni. Dagleg leiar på Tokestua Ole-Kristian Honerud forklarar at dei tre åttandeklassingane skal hjelpe til med det rusfrie arrangementet.

– Det går i rigging, presentere artisten og halde på backstage. Det er viktig at dei får vera med bak kulissene og sjå korleis dei profesjonelle, som til dømes jobbar med lyd og lys, gjer det, seier Honerud, som også opplyser om at Ungdomsrådet har fått ansvaret for marknadsføringa av det rusfrie arrangementet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jobba med spesialeffektar

Det er ikkje fyrste konserten desse tre har fått vera med å jobbe på. Dei har hjelpt til på framsyningar med Gatas Parlament, Steppepoetene og Tusen knapper og fire strenger.

– På konserten med Gatas Parlament fekk med jobbe med spesialeffektar, seier Reiersdal.

Alle tre har lyst til å jobbe med kulturarbeid vidare i livet.

– Det er gøy å sjå korleis dei proffe fiksar lyd og lys, og arrangerer, seier Reiersdal.

Hjelper til bak scena

Rusfritt arrangement: Ole-Kristian Honerud håpar så mange som mogleg av dei unge tek turen til Tokestua 1. juni.

– Me er der for artistane også om dei treng noko. Me skal hjelpe til backstage under Byting-konserten, seier Sira.

– Eg håpar på å få vera kulturvert heile ungdomsskulen, seier Reiersdal.

Sjølv likar ho best pop, medan Hagen Lien og Sira likar best rock.

– Eg håpar foreldre er med å spreie bodskapen om dette rusfrie arrangementet for dei frå 7. klasse og opp til 18 år. Me har invitert inn ungdom frå alle nabokommunane også. Det er låge billettprisar takka vera støtte frå Drangedal sparebank, Drangedal kraft og Drangedal kommune. Eg har plass til 380 unge i salen og håpar så mange som mogleg nyttar høvet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.