JULEKORT: Gode julehelsingar vart ofte levert med motiv frå vanlig liv.

Glædelig jul og godt nytaar!

Tørdølingen og journalist Eilert Kvernes fortel historia om da folk gjekk til naboen i Tørdal med julehelsinga for 100 år sidan.

Det heiter at det er ei tid for alt, og det har ei sanning i seg på vel alle tenkelege område. Me som er gamle nok til å minnest nokså langt tilbake, vil hugse at når me hadde halve julemånaden bak oss, då var det tid for julekorta.

Det kunne bli ein heil liten stabel med fargefine julehelsingar der dei låg samla på eit bord i stova. Somme kort sa ingenting - anna en god jul og godt nyttår, og så avsendaren. Men helst var det litt meir tekst med korte ord om korleis det sto til hos avsendaren. Stort sett var ein gjerne kjend med forholda der kortet eller korta kom frå, dei fleste hadde ikkje så lang fartstid i postgangen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

ENKEL: Bak på julekorta var det ofte ei enkel julehelsing.

Men etter alt dette julekortsnakket: Eg har tatt vare på eit kort frå det næraste nærområdet, det vil seie naboen. Det er utan frimerke, så kanskje naboen var bortom postkassa med fotokortet med skiløparar der kvinnene gjekk med fotside skjørt eller kjolar. På framsida av kortet står det Vinter i Norge. På baksida er årstalet 1912-1913, og mottakaren Knut N. Kvernes. I helsinga står det Glædelig jul og godt nytaar ønskes av Nils og Helene Grave.

Yngste

Det skulle gå 20 år før eg blei den yngste og siste av 5 søsken. Julekorta var vel ikkje det eg var mest opptatt av. Dei var liksom helst til dei vaksne sjøl om det sto «til familien».

Far min, Knut, var fødd i 1894 og var altså 18 år då han fekk kortet. Han og Nils Grave var eindel saman i ungdomen, og hadde også turar opp i heiane på fugleleik.

Karhjelp

Litt spesielt for meg er det å tenke på at eg i min spede ungdom tok på meg småjobbar for Helene på Grave. Etter at mannen Nils døydde var det inga karhjelp der på garden - i onnetider var det snakk om å leige mann og hest.

Og seinare i tidlege ungdomsår måtte eg ta mange til dels strevsame arbeidstak hos naboen til Helene, Brynjulf Grave. Der var det heller ikkje fast abeidshjelp heile året. Brynjulf var frå Øvretveit og hadde dette etternavnet fram til han kjøpte Grave og sat på eigen gard og tok namneskifte. Den ugifte dottera Tomine var det som styrte og stella på garden, og faren døydde mett av dage som det heiter. Eg har elles fortald i ein artikkel i minneboka til historielaget om mange tunge arbeidstak på garden hos dei to.