SPILLOPPMAKAR: Tormod Hansen var ein kjend skogskar og spilloppmakar i Drangedal.

Tormods utrulege bjønnehistorie

Olav T. Naas gav tidlig på 2000-tallet ut to lokalhistorike bøker. «Drangedal i eldre tid» og «Fortidsminne lever her». Drangedal bygdetunlag sto som utgivere. Bøkene er fulle av lokalhistorie. Det er også en prat med Tormod Hansen, som hele livet hadde sitt virka i skogen som hestekar. Tormod forteller i boka om da han og kameraten lurte hele bygda med ei skikkelig bjønneskrøne. Vi har fått lov av forfatteren til å gjengi denne i Drangedalsposten.

Slik startar hitoria med Tormods eigne ord:

– Eg var med på ei drift i Solemdalen, og om høsten dreiv me med kasing der. Dei andre som var med på kasinga var Håvard, bror min, og Nils Oseid, sønn til Albert. Me hadde hestane til Harald Eie og Jostein Aure i den drifta, og dei måtte me ta med ned til Henseid hver laurdag. Og om monda'n måtte me ta dei opp igjen. Men den monda'n eg skal fortele om nå - då var ikkje Håvard med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Me kom litt seint opp til stua i Solemdalen, og me fant ut at med skulle la hestane stå på stallen resten av dagen. I staden rødde me opp nokka kaseplassar, og så var det nokke tømmer som måtte rennast på borte i ei Ii. Me dreiv på med detta til det blei tussmørkt. Eg visste at Peder, onkelen min, snart ville komme, for han høgg lenger opp i dalen, mot Solemseteren, på den tida. Men den monda'n skulle han ikkje komme før om kvelden.

Skreme Peder

– Då sa eg til Nils. Nå kommer sikkert Peder snart, og då skal me skreme'n. Me skal rulle ein stein utover lia her, så følk trur det er bjønn her. Ja, me fant ein passe stor stein der, og rulla han utpå kanten av Iia. Eg la meg på ryggen og tok spenntak mot steinen.

– Nå må du sei i frå når eg skal spenne, sa eg, men pass på så det ikkje blir farlig for Peder.

Om litt kviskra Nils: Nå kan du spenne, og eg spente. Ja, steinen rausa utover og får ned igjennom lia. og der kløvde han seg i to. Og Peder, veit du, bråstoppa og lura på hårre denna steinen kom frå - i mørkret derrane.

-Då kviskra eg til Nils at nå må me springe alt me orkar, så me kan være i Solemsdalen før Peder. Og det klarte me. Då Peder kom fram til skaustua dreiv me og stulla hestane. Han trudde sikkert at me hadde vore i skauen og kasa, veit du.

Blei prata om i skaustua

Peder sa ingen ting om detta med det same, men etter at me hadde ete til kvelden, sa han.

– Ja, i kveld var eg ute for nokke rart nedafor Solemseteren. Då eg kom til den brattaste bakken kom det ein stein rullands nedover lia der. Og det lurer eg på hå var for nokke.

– Å, jasså, sa dei andre karane, og det blei mykje prat om detta utover heile kvelden. Du veit me var ni mann som låg der oppe på den tida. Me to som visste håssen detta hong sammen blei så i beit for å le at det ligna ingenting. Me la oss oppi huskane og snudde hue mot veggen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hår å finne

Ja, så blei det slutt på pratingen nokka da'er. Men så var det neste monda'n, me skulle oppover til Solemdalen igjen. Eg hadde tidligare lagt merke til at det hong ein bjønnskinnsfell innpå vognskjolet til Harald Eie. Der var eg innom og rebba med meg ein del ragg frå den fellen. Og nokke av det første me gjorde den mårån var å gå opp til der steinen hadde lege, og hekta bjønnhår på treleggane rundt omkring.

Onsdag same veka, då skulle Tor Kåsa opp der for å merke i baret, og det var tømmeret som Peder hadde høgge som sto for tur. Då sa eg, at når dikkan likevel skal merke der som steinen kom frå, så burde dikkan se godt etter om det er hår å finne, eller kanskje det er andre tøker?

Ja, det skulle dei nå gjøre. Og dei ville undersøke ordentlig, au.

Om kvelden kom dei med ein fyrask full av bjønnhår, veit du. Og håra blei bretta ut på bordet, og alle sammen satt og studerte dessa hårtustane utover kvelden. Alle trudde det måtte vere bjønnehår, og det hadde dei nå rett i.

Ikkje saueull

Så var det neste veke. Då kom Ola Larsen Vefall for å se på akkord for kjøring med tarktor. Og av den grunn kom Jostein Aura og Danevad, herredskaumesteren. Dei satt inni hytta og åt nista si. Det blei snakk om denna bjønnhistoria, - og fyrasken med bjønnhåra kom fram. Då blei det til at det kunne vere ulla til dei brone sauene til Tengelsdal, han som var forpaktar på kommunens Henseid.

Så tok dei med seg denna fyrasken med bjønnhåra for å sammenligne med ull frå dei brone sauene. Men det stemte ikkje, bjønnhåra var mykje gråvære, kan du vete. Det blei til at det måtte vere bjønn, og det blei snakk om å sende ei prøve til Oslo, for undersøkelse, for å være heilt sikre.

Om laurda'n gjekk hoggarane heim over heia frå Solemdalen til Solberg. Då Peder kom gjennom tonet hos Oddvar, så satt mora, Anne Øverland, der på trammen. Ho satt for å høre med Peder om det verkelig var tilfelle detta med bjønnen, for Peder trudde ho på. Historia om bjønnen hadde stått i Vestmar au, ser du. Ja, Peder sa akkurat som det var, han — at det hadde komme ein stein ned lia, og at dei hadde fonne bjønnehår, og då blei det til at det hadde vore ein bjønn der, kan du vete.

Tilståing

Det stilna etter hvert av med denna bjønnepraten, og då det nærma seg jul tenkte eg at det var like godt å sei i frå til Peder, håssen det hong sammen. Men han trudde ikkje på meg med det same, og spørte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Ja, men desse håra da, sa han, hårre fekk dikkan fatt i dei, henne?

– Å ja, det har me kløpt av oss mellom beina det, sa eg.

– Å nei, fytt i holingen, dikkan har vel ikkje gjort det vel, sa Peder — og detta som Ola Vefall og herredsskaumesteren reste med au, - og ville sende til Oslo!

-Men det kan ikkje eg nokke te', sa eg.

Nei, men så forbaska uleilig da gutt , når dei finner ut at det er slike hår, sa han.

Då hadde eg nesten vondt av Peder, og så sa eg det som det var, med bjønnfellen og alt sammen. I jula var eg i kjørka. Tor Kåsa var kjørketenar på den tida. Han kom bort til meg og prata litt om denne bjønnehistoria. Han hadde et lurt glimt i auga, så eg forsto at han hadde snakka med Peder.

Luringen

Tormod Hansen var en ekte skaukar og hestekar. Kasisng og framkjøring av tømmer vinterstid fra de store drangedalsskauane ble hans livsvirke. Tormod kunne også finne på noen spikk, noe han gjorde, og som ein gong lurte hele Drangedal til å tru at bjønnen hadde vore på ferde.