Bondelaget: Trude Flatland, nestleder i Telemark Bondelag.

Å engasjere seg for landbruket

Brenn du for noko, så stå opp å gje saka eit ansikt. Engasjement er viktig.

I fektespråket betyr engasjement at motstandaranes klinger kjem i kontakt med kvarandre, i militærspråket betyr det samanstøyt. I dag betyr engasjement også ei sterk kjenslemessig tilknyting til ei sak en går sterk inn for.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som bonde har eg eit engasjement for landbruk. For bonden. For dyra. For matproduksjonen. Det har dei fleste bøndene eg kjenner. Nokon sterkare enn andre, nokon tydelegare enn andre. Men engasjementet er der. Bønder er ein engasjert samling hardt arbeidande, kunnskapsrike personar som står på, ikkje bare for sin eigen del, men for samfunnet.

At bonden er viktig for samfunnet har kome tydelegare fram den siste tida. Under korona-tida vart det slått opp stort i media at matproduksjon var ei samfunnskritisk oppgåve. Med krig i Europa er matberedskap lyfta høgare enn på lenge. Ein finn fleire stader, både på nett og i aviser, at landbruk og matproduksjon er viktig.

I Hurdalsplattforma til sittande regjering står det:

«Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre Noregs befolkning nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og slik bidra til arbeid, god ernæring og helse. For å sikre landbruk over heile landet, auka verdiskaping og redusert klimaavtrykk er det naudsynt å auke lønsemda i bruk av jordbruksareala. Dette skal blant anna skje gjennom eit sterkt importvern, årlege jordbruksforhandlingar og å bevare landbrukssamvirka som marknadsregulatorar. Næringsutøvarane i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre grupper.»

Bondelaget: Trude Flatland, nestleder i Telemark Bondelag.

Bonden er ofte engasjert i økonomi. Kanskje særleg i desse tider då me i bondelaga rundt om i heile landet og bidreg med innspel til årets jordbruksforhandlingar.

Eg vil på det sterkaste anbefale alle bønder å engasjere seg, det er det som hjelper! Det å gje saka eit ansikt! Det er no i underkant av 38 000 bønder i landet, me har alle eit engasjement for landbruk og matproduksjon. Me er naturleg nok ikkje einige i eitt og alt, men me er einige i at det er viktig å produsere mat i landet vårt og det er viktig å få ei lønn for den jobben som blir gjort.

Kom med innspel, kom med ynskjer og send det vidare inn til Bondelaget. Innspel og ynskje blir lest og det blir tatt med i det store bildet når Norges Bondelag utformar sitt krav. Og etter det saman med Norsk Bonde- og Småbrukarlag skal forme det som blir omtala som landbrukets krav til årets jordbruksforhandlingar. Me kan ikkje forvente å få gjennomslag for alt, men alt som blir spelt inn er med på å påverke og dra både kravet og politikken i ei viss retning. Det er slik eit kvart demokrati fungerer, også i bondelaget.

Trude Flatland,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

nestleiar i Telemark Bondelag