Leder: Ordfører Tor Peder Lohne.

Debatten om sol- og vindkraft er ikkje ferdig – den har akkurat begynt

I februar i år vedtok Drangedal kommunestyret å be kommunedirektøren utarbeide ei mulighetsstudie som skal danne kunnskapsgrunnlaget til ein Strategi for fornybar kraftproduksjon i Drangedal. Denne skal også belyse konsekvensar for miljø og kommuneøkonomi.

Bakgrunnen for saka trur eg er ganske godt kjent, og kan oppsummerast kort. For det første er det eit voldsomt behov for meir fornybar kraftproduksjon i verda, i landet, og ikkje minst i vår region dei neste åra. Energikommisjonen av 2023 er heilt tydeleg på dette. For det andre er det fleire selskap som luktar på moglegheiten for å bygge ut sol- og vindkraft i Drangedal. Eg oppfattar at det hovudsakleg handlar om at det er rikeleg nok med sol og vind her, og at det er høgspentlinjer her som kan transportere krafta den relativt korte avstanden til industrien i Grenland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Heile vedtaket frå februar besto av sju punkt, der det i siste punktet heiter: «Drangedal kommune vil ikkje ta konkrete framlegg om storskala fornybar energiproduksjon, i form av solkraft og vindkraft, til handsaming før strategien er vedteken, samt revidert energilov og plan- og bygningslov er sett i kraft.» Dette inneberer at det er mange steg igjen på vegen før Drangedal har sagt «ja» eller «nei» til noko som helst.

Først skal altså revidert lovverk vere på plass. Dette er no vedteken i Stortinget i Lovvedtak 120 (2022-2023). Dette lovverket gir kommunane langt bedre styring på prosessen enn før. Der kommunen tidlegare kun kunne sei ja eller nei til å starte opp ein statleg styrt konsesjonsprosess, er det no kommunen som har det siste ordet gjennom å vedta – eller avslå – forslag til reguleringsplan for slike tiltak.

I Drangedal tar me anvaret for innbyggjarane våre på alvor, og derfor har me bestemt at me i tillegg vil ha ein eigen strategi for fornybar kraftproduksjon, slik at me kan ta dei beslutningane som er best for kommunen vår på lang sikt.

I siste møte før sommarferien fekk me rapporten «Kunnskapsgrunnlag for fornybar kraftproduksjon i Drangedal» til handsaming i kommunestyret. I møtet ga eg klart uttrykk for kva eg meiner: Eg er for både sol- og vindkraft i Drangedal. Eg meiner det er mogleg og heilt riktig med slik kraftproduksjon i vår kommune. Dette baserer eg på den kunnskapen som har kome fram til no, blant anna gjennom kunnskapsgrunnlaget og gjennom besøk til Nord-Odal. Ikkje minst erkjenner eg at det ER eit voldsomt behov for ny kraftproduksjon, noko motstandarane av sol- og vindkraft ikkje ser ut til å ha teke inn over seg, eller i alle fall ikkje har særleg gode svar på – etter mi meining.

I møtet foreslo eg følgande, som også blei vedteken mot éi stemme:

«Rapporten «Kunnskapsgrunnlag for fornybar kraftproduksjon i Drangedal kommune» tas til orientering. Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram forslag til strategi for fornybar kraftproduksjon som legger til rette for ny kraftproduksjon av vann, sol og vind i Drangedal. Strategien må synliggjøre hvilke grep kommunen kan gjøre for å sikre at aktuelle prosjekter gir:

1. minst mulig negativ natur- og miljøpåvirkning

2. størst mulig inntekter til kommunen

Artikkelen fortsetter under annonsen.

3. størst mulig andel nasjonalt, regionalt og lokalt eierskap av kraftproduksjonen

4. størst mulig lokal verdiskaping

Det er viktig for kommunestyret at videre prosess blir åpen og demokratisk, og at innbyggerne involveres i arbeidet i så stor grad som mulig.»

Dette er altså ikkje slutten – men starten – på arbeidet med den nevnte strategien og på debatten om kva Drangedal vil. Det er det påtroppande kommunestyret som til slutt skal vedta strategien og bestemme kva Drangedal meiner på overordna nivå. Til sjuande og sist kan eit nytt fleirtal bestemme at ein ikkje skal ha verken sol- eller vindkraft her. Det kan ein avgjere ved å stemme imot heile strategien når den kjem til handsaming. Ein kan avgjere det ved å ta ut enkelte produksjonsformer (som sol eller vind) frå strategien. Ein kan også avgjere det ved å ikkje samtykke til oppstart av konsesjonsprosess for det enkelte prosjekt, eller ein kan avgjere det ved å ikkje vedta reguleringsplan i siste instans. Derimellom er det mange steg, og alle innbyggjarar vil ha moglegheiter for medverknad og påverking av prosessen. Det blir folkemøter og det blir debatt.

Det er veldig bra at folk engasjerer seg i debatten. I denne debatten må også eg få gi uttrykk for kva eg meiner. Eg meiner at diskusjonen i alt for stor grad er prega av synspunkt basert på manglande kunnskap om fakta. Det er likevel sjølvsagt heilt ok å vere imot bare fordi ein ikkje likar vindmøller, men då må ein sei det som det er. Eg meiner ikkje at det er verken aktuelt eller riktig med vindmøller «over alt», og eg har på ingen måte teke stilling til nokon av dei konkrete prosjektene som har vore presentert. Det er først når og om me kan ha gode svar på punktene over, at me kan ta stilling til konkrete prosjekter. Og då har altså Drangedal kommune høve til å sei: «Ja, men på kun på dei vilkår me stiller», eller «Nei, dette vil me ikkje».

Debatten om sol- og vindkraft er ikkje ferdig – den har akkurat begynt.

Med venleg helsing

Tor Peder Lohne

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ordførar