Beredskap: Ordfører Tor Peder Lohne

Me er alle ein del av beredskapen i Noreg. Er du forberedt?

Det er krig i Europa. Det er Ukraina som betaler den høgaste kostnaden etter Putins stygge aggresjon mot landet. Men også Noreg, og til og med Drangedal, blir påverka av det som skjer.

Krigen har medverka til kraftig auka prisar på straum, enkelte matvarer, drivstoff og fleire andre ting me treng for å ha det bra. Mange kjenner dette på kroppen, og eg har stor forståing for - og deler bekymringa med - alle som ser usikkert på framtida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også Drangedal kommune merkar dette. Til tross for at høge straumprisar gir oss større inntekter frå kraftproduksjonen vår, så vil dei kraftig auka kostnadene til straum som også kommunen opplever, medføre at me må gjøre tøffe prioriteringar i pengebruken vår. Det skal me klare. Eg meiner at akkurat nå er dette heller ikkje det mest alvorlege.

Det bør ikkje vere nødvendig, men etter dei siste dagars hendingar er det dessverre nødvendig med ei påminning om at krigen i Ukraina kan kome til å påverke oss endå meir alvorleg.

Noreg er for tida den største eksportøren av energi til Europa. Norsk gassforsyning er sannsynligvis Europas største sabotasjemål, i følge Geir Hågen Karlsen ved Forsvarets høgskole. Uansett kva som har skjedd med gassrørledningene i Østersjøen, så viser hendingane at infrastrukturen vår er sårbar.

Me lever i eit trygt og stabilt samfunn der me er vant til at det meste fungerer som det skal. Men uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at me mistar for eksempel straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Det er ingen grunn til å gå rundt og vere redd, men det er klokt å vere forberedt.

Forberedt er også kommunen. Saman med øvrige myndigheiter er det vår jobb å bidra til tryggleiken for befolkninga i Drangedal. I 2018 bidrog mange, både frivillige og folk i kommunen, til å slokke rekordmange skogbrannar. I over to år har kommunen, nok ein gong saman med frivillige, jobba hektisk med å begrense konsekvensene av ein global pandemi.

I vår gjennomførte Statsforvaltaren tilsyn av kommunens beredskapsarbeid. Tilsynet konkluderte med ingen avvik, og kommunen fekk positive tilbakemeldingar for sitt arbeid med å trygge befolkninga. Det jobbar mange dyktige folk i Drangedal kommune.

Me har planer for å håndtere det som kan skje, men me vil aldri kunne vere hundre prosent forberedt. Særleg aktuelt nå er det å bygge kunnskap om korleis me kan styrke vår totale beredskap - sett i lys av krigen i Ukraina. Når det kommunale beredskapsrådet skal samlast snart, er Geir Hågen Karlsen frå Forsvarets høgskole ein av dei som er invitert til å orientere oss.

Me er alle ein del av beredskapen i Noreg. Både Drangedal kommune, arbeidsplassane og heimane bør ta enkle grep, slik at me kan ta vare på oss sjølve og dei rundt oss. På den måten vil me vere forberedt på det som kan skje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Du kan lese meir om kva du kan gjere for å vere forberedt på www.sikkerhverdag.no.

Med venleg helsing

Tor Peder Lohne

Ordførar