Så mye får Drangedal kommune i koronapenger

Fylkesmannen har fordelt 79 millionar kroner til kommunane i fylket. Pengane skal dekke ekstrautgifter og tap av inntekter knytt til utbrotet av Covid-

15,6 millionar korona-kroner blei fordelte før sommaren. No blir ytterlegare 78,7 millionar kroner fordelte. Fordelinga er gjort med atterhald om Stortingets handsaming av Prop. 48 S.

- Beløpet er monaleg lågare enn det samla meirbehovet Fylkesmannen meldte inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kommunane kan derfor ikkje rekne med å få dekt alle sine meirutgifter og mindreinntekter knytt til pandemien, seier fylkesmann Per Arne Olsen i en pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Midlane er fordelte etter føringar frå regjeringa. - Det betyr blant anna at vi har lagt vekt på smittetrykket i den einskilde kommune, oppfølging av smitteutbrot, utgifter til smittevern og testing, andre koronarelaterte kompensasjonar og innsparingar og reduserte inntekter. I tråd med oppdraget frå regjeringa har vi til sist hatt eit «helhetlig blikk på situasjonen kommunane står i», seier Per Arne Olsen.

Utgiftene til kjøp av smittevernutstyr varierer monaleg mellom kommunane. Det har blant anna samanheng med at prisane i desse marknadane har variert svært mykje i år. Larvik kommune har monaleg høgare utgifter til kjøp av smittevernutstyr enn samanliknbare kommunar. Den høge tildelinga til Larvik er grunngjeve i dette.

Mange kommunar har svært få smitta. Dei har likevel hatt meirutgifter til mellom anna smittevern og testing. Alle kommunar får derfor eit minstebeløp.

Tabellen syner den kommunevise fordelinga av midlane.

Koronapenger: N/A