Uttale om jordbruk frå styremøtet i Telemark Nei til EU

Matprodusentar må få kome opp på same nivå som gjennomsnittleg inntekt, velferd og tryggleik.

I dag er inntekta til bonden for å produsere mat alt for lav. Det skal dekke både arbeid og eigenkapital til å halde ved like produksjonsapparatet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I følgje Hurdalsplattforma trengst det ein opptrappingsplan, slik at bønder blir betalte for å produsere mat. Bønder må få inntekt som gir tryggleik mot sjukdom, kunne opparbeide pensjonspoeng og kunne tilrå neste generasjon å gå inn i yrket.

Hurdalsplattforma seier også at sjølvforsyninga skal auke. Det er ein viktig del av totalberedskapen. Ein opptrappingsplan må innehalde effektive prinsipp, strukturtiltak som peikar i rett lei, matproduksjon over heile landet, basert på eigne lokale, fornybare ressursar av gras og utmarksbeite på små og mellomstore bruk. Import av kraftfor må reduserast.

Måla i Hurdalsplattforma om opptrapping av inntekta til bonden og norsk sjølforsyning er viktige, og dei må følgjast opp med effektive systemtiltak:

- Jordbruket ut av EØS – fjern EØS artikkel 19

Det blei sagt at jordbruk skulle haldast utanfor EØS. Men så fekk vi artikkel 19 i EØS-avtalen. Jordbrukshandel med EU skulle overvakast for å gradvis liberaliserast og harmoniserast gjennom forhandlingar annakvart år. Resultatet er at osteimporten frå EU (Danmark og Frankrike) opptar plassen til mange mjølkegardar i Noreg. Tollfrie importkvotar av ost og kjøt i EØS artikkel 19 må fjernast for å auke norsk sjølvforsyning av det Noreg kan produsere.

- Innfør prosenttoll på mat Noreg kan produsere!

Noreg må nytte høvet i WTO til å skifte mellom kronetoll og prosenttoll for å auke sjølvforsyninga.

- Norsk matproduksjon må ta omsyn til økologi, klima, miljø, ernæring og folkehelse

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjer vi ved å bruke ressursane i Noreg fornuftig, framfor å overlate endå meir enn i dag til billeg import frå økosystem og klimatiltak i andre land.

Ole Roger Dyrkorn/ Styret i Telemark Nei til EU