Vegen frå Kyrkjebygdheia til Tørdal -

eller

Hytteveg gjennom sårbar natur.

Naturvernforbundet i Vest-Telemark (NVVT) ser at det er behov for å tilføre fakta i saka, utan bruk av vikarierande argumentasjon, til debatten i Drangedal, som vi er gjort merksame på.

Det er siste linja av overskrifta som er det korrekte, og beskrivande for dette prosjektet. Det finst ikkje samfunnsnytte ved å realisere denne vegen, visst ein tek innover seg den situasjonen vi er i - i verden, i Norge og også i Drangedal og Nissedal. Dvs naturkrise og klimakrise. Vi kan ikkje fortsete med den arealforvaltninga som desse to kommunane har holdt på med sidan 1990 talet – nedbygging av stadig meir sårbar natur, i form av nye hyttefelt inkl. fortetting av gamle felt, og store områder som vert «slukt» av vatn og kloakk trasear. Frå Langmoen sør i Nissedal, opp på Gautefallheia og langt inn i Drangedal, gjennom Nisser med avgreiningar både på vestsida og opp på Kyrkjebygdheia . Det siste er gjort utan kartlegging av naturmangfald. Denne traseen gjeng gjennom store myrareal bl.a. Mange syns kanskje det er greit, NVVT syns ikkje det. Gode, og fagleg objektive, kartleggingar av natumangfald er særs viktige i utbyggingssaker. Det vere seg veg, vassdrag, hytter mm. NVVT stiller spørsmål med kartlegginga av arealet som vert berørt i denne vegsaka.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne nye hyttevegen skal i praksis legge til rette for meir av det same - nedbygging av sårbar natur. På Kyrkjebygd-sida vil denne vegen gå gjennom eit lite dalføre, der det er i alt 8 gamle støylsområde, med tilhøyrande slåttemyrar. Slåttemyr er ei truga naturtype. Restar av gamalskog vil også gå med i dragsuget ved bygging av vegen.

Alt dette for at Joker i Tørdal og byggevareforretningen på Bostrak skal auke omsetningen, på bekostning av Nærmat i Kyrkjebygda, og byggevareforretningen i Treungen. Samt at nokre utbyggarar skal få auke på ein allereie overfyllt konto, og nokre hytteeigarar skal få - kanskje ca.20 min kortare veg til hytta.

Forretningsmodellen for utbyggar på Kyrkjebygdheia er: Mest mogleg av utg på andre , alle inntektene til seg sjølv. Dette ser det ut for at dei er godt på veg til å klare. Jamfør at Drangedal kommune ser ut til å bidra med eit betydleg beløp frå det offentlege.

Definisjon av samfunnsnytte kan ikkje kun vurderast utifrå omsetning på næringsverksemd, den offentlege forvaltninga er pålagt å ta inn/ta hensyn til også naturkrise og klimakrise i dette reknskapet. Kan nevne at Nissedal har vedtatt ein Klimaplan , ein sektorovergripande plan, som det politiske fleirtal ser ut til å ha lagt i ein skuff, låst skuffen , og hiva nykkelen. Dei bryr seg i alle fall ikkje om kva som står i den.

Både Drangedal og Nissedal må endre arealforvaltninga skal dei nærme seg eit arealreknskap som er berekraftig. Kommunane må vekk ifrå «gravemaskin forvaltninga» som har vore førande i begge kommunar i lang tid.

Samfunnsnytta av denne vegen er fråverande.

NVVT er glad for at det er krefter – også i Drangedal som er kritiske til denne vegen, og vi støttar desse kreftene.

Torfinn Sanden

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Naturvernforbundet Vest-Telemark