Godt driv: Tone Størseth har byrja å dele ut midlar til drangedølar som har søkt.

DRIV har byrja å gje ut midlar: Fire bedrifter deler på 145 000 kroner

Tre forstudiar og eit kompetansehevande tiltak i Drangedal har fått midlar frå DRIV. - Det er bra å koma i gang med å stimulere gode idear som mest sannsynleg vil føre til fleire arbeidsplassar, seier prosjektleiar Tone Størseth.

I alt fire bedrifter har fått midlar av DRIV. Prosjektleiar i DRIV Tone Størseth håpar dette vil føre til fleire arbeidsplassar i Drangedal.

– Nye prosjekt skapar ringverknadar i Drangedal. Til dømes vil fleire besøkande på Hulfjell familiepark krevje fleire på jobb til å tene desse. Ei aktivitetsløype vil også gjera bygda meir attraktiv for besøkande, seier Størseth.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Desse får i 2023

Enkeltmannsføretaket Tømrer Per Esborg får 70 000 i midlar til forstudiet til norrøn aktivitetsløype planlagt på Hulfjell familiepark.

Enkeltmannsføretaket Gunnar Tørnes får 30 000 kroner til forstudie av marknaden for Neat tapp.

– Tørnes har eit hol han vil fylle med ein inventar- og informasjonsappen Neat tapp meint for utleigemarknaden, seier Størseth.

Nye Sagodden AS får 33 000 kroner.

– Eigarane vil finne ut av korleis dei kan nytte bygget dei har kjøpt på Neslandsvatn, seier Størseth.

Enkeltmannsføretaket Amalie Skarpoddens salong får 12 000 kroner i kompetansemidlar for å kurse seg i negle- og vippepleie.

– Denne 19-åringen er ein ung nyetablerar som ønsker å bli buande i bygda. Då er det eit godt poeng å skape sin eigen arbeidsplass, seier Størseth.

Misforståing om midlar

Størseth fortel at DRIV jobbar med fleire søknadar også.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er berre å søke DRIV-midlar. Dette er uavhengig av utviklingsprogrammet for små og mellomstore bedrifter, som er eit eige rådgjevingstilbod til bedrifter som ønsker vekst og utvikling.

SMB-utviklingsprogrammet har fått med 20 ulike bedrifter inn i uttaksrunden der ti bedrifter får tilbod om å vera med i programmet som varar i eit halvt år.

– Mange har trudd at dei må vera med i SMB-programmet for å søke midlar. Dette stemmer ikkje, avsluttar Størseth.