Selt: Dei nye eigarane håpar å kunne lage meir liv på Neslandsvatn.

Fire kompisar har kjøpt Sagodden - ønsker å skape meir liv i bygda

Nå håpar dei fire karane Per Augon, Kristian, Asbjørn og Magnus på å skape meir liv på Neslandsvatn. – Me ser for oss ein kiosk i fyrste omgang, seier den eine av dei nybakte eigarane Per Augon Sauar.

Nye eigarar: Sagodden er nå selt etter lang tid ute på marknaden. Nå håpar nye eigarar på å lage litt meir liv på Neslandsvatn.

Sagodden i Kroken har endeleg fått kjøparar etter å ha ligge lenge ute på marknaden. Nå er det selskapa Neslandsvatn eiendom og Kil eiendom som eig tomta med utbyggingsmoglegheiter for bueiningar som ligg ferdig regulert med byggeløyve heilt i vasskanten. Tomta er på nærare seks og eit halvt mål, og inneheld både næringsareal og eksisterande leilegheiter.

– Me ser for oss ein kiosk i fyrste omgang, men det er meir under planlegging. For dei eksisterande leigetakarane får eigarskiftet ingenting å seie, seier Per Augon Sauar, som saman med Kristian Wefald, Asbjørn Pedersen og Magnus Knudsen nå eig Sagodden.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Glad for nye eigarar

– Me får prøve å få litt liv på Neslandsvatn. I tillegg vil me fikse og rydde rundt på tomta, seier Sauar.

Olaf Haugland, som er ein av dei fire tidlegare eigarane, håpar vegen til å få ei open kro på Sagodden blir enklare med nye og yngre hender på roret.

– Me som har eigd i snart 30 år byrjar å nærme oss pensjonistalderen, så det er bra det kjem nye krefter til. Eg er svært glad for at det har kome nye eigarar til, seier Haugland, som saman med TGE, Frank Rune Øygarden og Håkon Eskilt selde Sagodden.