Gjev seg: May Helen Tørnes har drive bensinstasjonen etter foreldra sidan 1987. - Eg har aldri vore lei ein dag. Dagane går sjølvsagt opp og ned, men eg er jamt over nøgd med arbeidsplassen eg har skapt, seier ho.

Sel etter 35 års drift: – Eg har aldri vore lei ein dag

May Helen Tørnes har trødd golvet på bensinstasjonen på Bostrak sidan barnsbein av. Nå gjev ho seg og overlèt roret til nederlendarane Gerber van Engelen og Amy Duisterwinkel.

35 år: May Helen Tørnes har drive Bostrak bensinstasjon i 35 år. I 2006 bygde ho ut bensinstasjonen og gjorde om til storkiosk.

Etter å ha hatt Bostrak bensinstasjon ute for sal i fire år har May Helen Tørnes (65) endeleg funne dei rette personane til å overta. 1. november tek Gerber van Engelen og Amy Duisterwinkel frå Nederland over bensinstasjonen som har vore i May Helen sin familie sidan oppstarten i 1962.

– Det har vore mange interessentar, men for meg var det viktig å finne nokon som ville drive både verkstad og butikk, seier May Helen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ei familiebedrift

Meir populært: May Helen fortel at den største forskjellen på å drive nå i forhold til tidlegare er at det går mykje meir mat enn før. Noko ho likar. Ho har ikkje tal på kor mange burgerar ho har flippa. - Det er blitt eit gatekjøken, seier ho.

Det var far til May Helen, Mathias Kåsa, som starta opp splitter ny Esso-stasjon på Bostrak i 1962. Barndomsheimen hennar ligg rett ved bensinstasjonen.

– Mamma, Ingrid, stod for bensinstasjonen og pappa hadde verkstaden. Dei dreiv fram til 1980. Eg har vakse opp her og hjelpte foreldra mine frå eg var ung, seier May Helen.

Mellom 1980 og 1986 var det ingen drift på bensinstasjonen.

– Eg synest det var for fælt å la det ligge brakk, så då starta eg opp drifta av bensinstasjonen att. Eg har aldri vore , seier May Helen.

Dei fire ungane hennar har også blitt vande med å vera med på bensinstasjonen før skule og barnehage opna om morgonane, og ettersom dei blei større blei også dei med og hjelpe til i familiebedrifta. Etter 35 år sel ho og ektemannen Bjørn både bygg og drift.

Sosialt midtpunkt

– Eg trur det har vore behov for ein bensinstasjon på Bostrak. Utviklinga på hyttefronten har skaffa oss ein del kundar, seier May Helen.

Å treffe kundar og ha flinke medarbeidarar har vore det beste med jobben.

– Eg kjem til å sakne dei blide kundane og kollegaene mine. Det har vore mange artige opplevingar opp gjennom, men nå er eg 65 år gamal. Då er det på tide å gje seg i yrkeslivet, smiler May Helen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho flyg ut og inn av kontoret der ho slår av ein prat med Drangedalsposten. Dørbjella kimar godt mellom klokka 11.30 og 12.00. Det er stadig folk innom. Engasjert prat og latter blir høyrd frå butikken. Bladfyken stikk hovudet inn i butikken for å ta del. Der står Svein Morten Sydtveit smilande, og snakkar om vêr og vind med like blide May Helen.

– Bensinstasjonen er eit sosialt midtpunkt i bygda, seier Sydtveit.

Sosialt møtepunkt: Svein Morten Sydtveit er innom for handel og prat. - Bensinstasjonen er eit sosialt midtpunkt i bygda, seier han.

Blir ikkje arbeidsledig

Frå 1. november er det Gerber van Engelen og Amy Duisterwinkel som tek over stafettpinnen.

– Dei fall for bensinstasjonen på Bostrak og Drangedal som stad. Dei er svært koselege folk, seier May Helen.

Ho blir med som mentor nokon månadar inn i drifta. Som pensjonist kjem ho ikkje til å ha noko problem med å få tida til å gå. Hobbyane er mange, mellom anna handarbeid og turgåing. Det er i tillegg mykje å pusle med på garden heime på Tveit, så ho blir nok ikkje arbeidsledig med det fyrste.

– Nå skal eg drive med heilt vanlege ting. Og ikkje minst hjelpe til der eg kan i den store familien min, seier May Helen.