Bekymringsmeldingar til barnevernet borte i fleire kommunar. Feilen har ikkje råka Drangedal.

Barnevernsleder: Leder i Vestmar barneverntjeneste, Ellen Mentzen har vært opptatt i møter mandag.

Bergen kommune har avdekt ein teknisk feil som fører til at bekymringsmeldingar til barnevernet ikkje kjem fram. Også Oslo og Tromsø er ramma. Den alvorlege tekniske systemfeilen – gjeld 244 kommunar. Drangedal og Kragerø kommunar er ikkje råka.

Drangedal og Kragerø kommunar er ikkje råka av feilen, seier oppvekstleiar i Kragerø kommune, Marianne Stärk Gürrich til Drangedalsposten. Kragerø og Drangedal deler barnevernsteneste.

Bergen kommune skreiv i ei pressemelding måndag at dei har avdekt alvorlege tekniske feil som gjeld overføring av bekymringsmeldingar mellom leverandørsystemet Visma Familia og Nasjonal portal for bekymringsmeldingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Svakheita har medført risiko for at bekymringsmeldingar sendt gjennom portalen i nokre tilfelle ikkje blir registrerte i Familia, og dermed ikkje blir fanga opp av den kommunale barnevernstenesta, heiter det i ei pressemelding frå Visma.

Vidare forklarer dei at svakheita har eksistert i systemet sidan integrasjonen mellom dei to systema i 2020. Alle kundar som nyttar seg av systemet kan vere ramma, men dei konstaterer at dette ikkje gjeld alle.

25 bekymringsmeldingar er borte

Feilen gjer at bekymringsmeldingar til barnevernet gjennom Nasjonal portal for bekymringsmeldingar ikkje kjem fram. Portalen er integrert med Visma-systemet Visma Familia, der feilen ligg.

Byrådsleiar Rune Bakervik kallar situasjonen uforsvarleg.

– Konsekvensen er då at 21 bekymringsmeldingar har vorte sletta. Desse kjenner vi ikkje avsendar av eller informasjon i. Det er ein fullstendig vanskeleg situasjon, sa han på ein pressekonferanse måndag ifølgje Bergensavisen.

Også Tromsø kommune er ramma. Her er det fire meldingar dei ikkje kan gjere greie for. Oslo stadfestar også at dei er ramma, men har førebels ikkje tal på kor mange bekymringsmeldingar som manglar.

Trondheim og Stavanger seier dei ikkje er ramma. Kommunikasjonssjef Ingunn M. Kvik i Kristiansand kommune opplyser til NTB at dei bruker Visma, og at dei undersøkjer loggane for å sjå om det har ramma dei.

Til NRK stadfestar kommunikasjonsarbeidar Lage Bøhren i Visma at det er systemet deira det er avdekt feil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er eit fagsystem som heiter «Familia» som barnevernet bruker i ulike kommunar. Det er 244 kommunar som bruker den versjonen av systemet, seier Bøhren.

Ber regjeringa ta grep

Barnevernsbyråd Line Berggren Jacobsen (Ap) seier til Bergens Tidende ho har delt informasjon med regjeringa.

– Eg har orientert ministeren om situasjonen og oppmoda henne til å ta grep. Vi ber alle som har sendt informasjon i desse tidspunkta om å ta kontakt med kommunen for vidare oppfølging.

Jacobsen seier Bergen kommune har oversikt over når dei sletta meldingane er sende og vil publisere tidspunkta på nettsidene sine.

Datatilsynet seier dei fekk inn ei avviksmelding frå Bergen kommune 8. mai. Først trudde dei feilen var avgrensa til Bergen, men seinare har det gått fram at det har ramma fleire kommunar.

Visma beklagar

Ifølgje KS er feilen at enkelte bekymringsmeldingar ikkje blir lagra i fagsystemet.

– Konsekvensen er at meldingar som er sende er borte. Det er ikkje snakk om data eller informasjon på avvegar, men at meldingane ikkje er lagra, seier Tristan Rolstad, avdelingsdirektør digitale fellestenester i KS til NRK.

Visma seier dei beklagar feilen på det sterkaste.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Visma Enterprise erkjenner alvorsgrada i ein situasjon der bekymringsmeldingar om barn ikkje kan ha vorte fanga opp som ein konsekvens av ei svakheit i systemet vårt, og beklagar sterkt situasjonen som har oppstått. Vi vil halde fram med å jobbe tett med kundane våre, og stiller ressursane våre til rådvelde i arbeidet med å følgje opp denne saka på ein best mogleg måte, heiter det.