Travle tider: Med underkjølt regn og vintersnø om kvarandre har Terje Måbuholt og det dei andre i Kroken maskin AS nok å henge fingrane i.

– Det er ein triveleg jobb, men me får ikkje bare skryt

I Kroken er det ein familie som står for brøyting og strøing av dei kommunale vegane, nemleg familien Måbuholt.

Blid brøytar: Terje Måbuholt har det både varmt og trivelege inne i brøytebilen. Han likar dei utfordringane jobben som brøytemannskap på kommunale vegar i Drangedal gjev.

Med eit kjempeglis og forrykande humør inviterer Terje Måbuholt inn i ein varm brøytebil onsdag ettermiddag. Han har dei siste vekene strødd og brøyta om kvarandre i Kroken. Vêret har ikkje spela på lag med bilistane, og då blir det travle tider for familiebedrifta Kroken maskin AS. Det er desse som brøytar og strør dei kommunale vegane i Kroken.

– Det er ein triveleg jobb, men me får ikkje alltid bare skryt, seier Terje Måbuholt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lite kjeft å få

Saman med to brør, far og eit syskenbarn gjer han vegane i Kroken framkomelege vinterstid.

– Me gjer så godt me kan, men kan ikkje vera overalt på ei og same tid når glatta slår til. Det hadde vore lettare dei siste vekene om det bare hadde vore kaldt og snødd, seier Terje.

– Men me tek imot all slags vintervêr me altså. Me får jo betalt når me er ute på vegen, legg han kjapt til.

Terje fortel om det å vera låst til ei oppgåve heile vinteren og arbeidstider som er vanskelege å spå, men han likar det slik.

– Også er det variert dekke på roden vår. Dette er det tredje året på rad me køyrer for kommunen, men me har gjort det tidlegare år også, seier han.

– Telefonen kimar ikkje stort. Sjølv med slikt vêr det har vore i det siste. Så det er ikkje mykje kjeft å få, smiler Terje.

Her brøyter dei ulike entreprenørane

Er du nyfiken på kven som har brøytekontraktar med kommunen på drangedalsvegane? Her får du svaret. Kontraktane på dei kommunale vegane i Drangedal blei inngått i 2020 og er gjeldande for sesongane 2020/2021, 2021/2022 og 2022/2023 - med moglegheit for framhald til 2023/2024 og 2024/2025.

Kommunale kontrakter fordelt på roder:

Bostrak: JV entreprenør AS

Drangedal sentrum 1: JV entreprenør AS

Drangedal sentrum 2: Strand bygg og anlegg AS

Drangedal sentrum 3: JV entreprenør AS

Henseid: Einar Henneseid

Kjosen: Arnt Roar Kåsa

Kroken: Kroken maskin AS

Tørdal: Kaj Peder Tveit AS

Artikkelen fortsetter under annonsen.