Fuglejakt: Vetle Haustveit siktar for å treffe fuglane som flyg forbi.

Ein torsdagskveld med børse, animerte dyr, kaffi, latter og opne armar

Drangedalspostens journalist testa torsdag kveld ut simulatorskyting på Drangedal skytesenter. Snakk om å bli tatt godt imot! Drangedal jeger- og fiskeforening har verkeleg fått til ein sosial møteplass i vintermørket.

Då underteikna kom kledelege 20 minutt for seint til avtalt tid stod det gromme pickupar og ein livets bil (handverkarens beste ven, HiAcen) utanfor Drangedal skytesenter. Ute var det kaldt og knitrande, inne varmt og raust. Latteren og den venskaplege fleipinga flaut mellom dei unge karane (og ei av nå to damer) som alt var til stades. På den eine veggen var eit svært lerret rulla ut. Der sprang det stadig både elg og villsvin. Ikkje alle var så heldige å koma seg over til andre sida. For nokon meter unna stod to med børse og dei nølte ikkje med å sikte seg inn og fyre av eit skot eller tre.

— Eg er her kvar torsdag. Eg er stamkunde, proklamerer Vetle Haustveit med eit lurt smil.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slepp rekylen

Rekruttering: Jørn Berntsen oppfordrar fleire av medlemmene i Drangedal jeger- og fiskeforening til å stille på torsdagsskytinga.

Aktiviteten Drangedalspostens journalist har oppsøkt er simulatorskyting arrangert av Drangedal jeger- og fiskeforening. Simulatorutstyret hadde ein prislapp på 250 000 kroner då det blei kjøpt inn for nokre år sidan. DJFF fekk då 100 000 kroner i midlar av Gjensidigestiftinga.

— Dette skal vera eit gratis tilbod til medlemene våre. Diverre er det litt lite brukt. Me byrja med litt meir organisert bruk av utstyret for eitt år sidan, seier nestleiar i DJFF Jørn Berntsen.

Dei som er samla på skytesenteret denne torsdagskvelden er mellom 18 og 25 år, men det finst ingen aldersgrense på simulatorskytinga.

— Det viktigaste er å vite korleis eit våpen fungerer og kva det gjer. Simulatorskytinga gjev ei god trening i å treffe dyr i rørsle og er kjekt å prøve når du held på med jegerprøva. Her slepp du rekylen, seier Berntsen, som håpar å inspirere dei yngre medlemmene av DJFF til å delta på simulatorskytinga.

God trening til jakta

Ivrige skyttarar: Bjørn Erik Næs (t.v.), Vetle Haustveit og Lars Erik Straume er blant dei som ofte samlar seg for simulatorskyting på Drangedal skytesenter på torsdagskveldane.

Det blir eit travelt intervju. Den trivelege gjengen på skytesenteret har sjølvsagt inkludert journalisten på det gule laget som konkurrerer mot det raude. Stadig vekk må bladfyken ta børsa med lasersiktet, kalibrere våpenet og prøve å treffe både elg, villsvin og fugl. Den raude motstandaren står ved sidan av og gjer det alltid betre, men snakk om å ha det moro. Det manglar ikkje på venlege instruksjonar og heiarop. Dette var verkeleg ei artig oppleving.

For dei som ønsker å trene på treffsikkerheita med eige våpen, så er det mogleg å putte inn ein laserhylse i eige gevær og bruke dette.

— Simulatorskytinga er god trening til jakta. Det er fyrst og fremst difor eg er her kvar torsdag. Men så er det artig å konkurrere med dei andre også då, seier Vetle Haustveit, som innrømmer at vinnarinstinktet er ganske så stort.

Han jaktar det meste, men det er elgjakta som er favoritt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

— Med gråbikkje, føyer han til.

— Også skyt eg litt jaktfelt. Utan at resultatet er noko å skryte av.

Skotet traff: Når ein runde med simulatorjakt er over kjem det ein grafisk illustrasjon av kvar på dyret den raude og gule deltakaren traff.