Hentar kunnskap: Jørgen Bølling (t.v.) og ordføraren i samtale om fornybar energi.

Energiseminaret: – Gode innspel på vanskelege avgjerder

Ordførar Tor Peder Lohne meiner både Energikommisjonen og NVE kom med fakta som blir gode å ha med seg når politikarane skal vedta saker i samband med fornybar energi.

Sverre Gotaas (Energikommisjonen), Jørgen Bølling (NVE) og Simon Thorsdal (AT Skog) heldt torsdag energiseminar for kommunestyrerepresentantane i Drangedal.

– Kommunestyret har vedteke å behandle strategien for fornybar energi. Foredraga i kveld var ein av del av dette arbeidet, seier ordførar Tor Peder Lohne (Sp) til Drangedalsposten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vil bli folkemøte

Snart skal kommunen vera med på tur til Nord-Odal for å sjå kraftutvinning frå vind, sol og varme.

– I neste kommunestyremøte får me ein rapport frå samfunnsrådgjevaren Rambøll, som vil vera eit kunnskapsgrunnlag for fornybar kraftproduksjon. Grunnlaget tek me med oss vidare når me skal vedta strategi for vidare vegval, seier Lohne.

Dette skjer fyrst etter kommunevalet til hausten.

– Det er dei som skal vera folkevalde i fire år framover og vil ha eit lodd i denne prosessen. Det vil også bli folkemøte slik at innbyggarane kan halde seg informerte.

Ordføraren er klar på at det fyrst er når strategien er vedteken og lovverket endra at Drangedal kommune er klare til å ta stilling til konkrete saker når det kjem til sol- og vindenergi.