I oppløysing: Denne skal barn setje seg på og bruke i leik.

Etterlyser renovering av aktivitetsanlegg: - Blir trist av å sjå øydelagde leikeapparat

Wenche Strand Hauge var heime på ferie i sommar. Det var ho i fjor sommar også. Ho la denne gongen merke til ei utvikling ho ikkje likar. - Aktivitetsområda har fått endå fleire skadar enn i fjor, seier ho

Snublekant: Her er det ujamne og øydelagde område ved hoppeanlegg.

Den utflytta drangedølen Wenche Strand Hauge synest det er trist å sjå at øydelagde apparat ikkje blir reparert.

– Eg håpar dei som har ansvar tek tak og ordnar opp, seier Hauge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Treng full renovering

Attgrodd: - Det er tidkrevjande å halde stadig fleire frilufts- og aktivitetsområde ved like, seier kommunalsjef Tor Jørgen Melås.

Feriegjesten peikar også på at aktivitetsanlegget i Drangedal sentrum ikkje har aktivitetar for dei minste.

– Det hadde vore ønskeleg med både husker og sklier i parken, seier ho.

Hauge meiner aktivitetsanlegget absolutt ikkje er som det ein gong var.

– Det treng full renovering. Då burde det kanskje også bli litt meir funksjonelt og spanande. Det er visstnok mange planar for å gjera Drangedal sentrum meir attraktivt. Aktivitetsområde burde vera ein stor del av dette. Det er viktig at barn og unge har tilgjengelege utandørsaktivitetar, seier ho.

Mange område å halde ved like

Kommunalsjef Tor Jørgen Melås fortel at det er Drangedal kommune som er ansvarleg for aktivitetsanlegga.

– Me har eit avgrensa budsjett til friluftsområda i kommunen. Dei har det med tida blitt mange av. Drifts- og vedlikehaldsbudsjettet har ikkje blitt justert i takt med nye friluftsområde som har kome til. Budsjettet er det same som det har vore dei ti siste åra, seier kommunalsjefen.

Han fortel at det er tidkrevjande å halde stadig fleire frilufts- og aktivitetsområde ved like.

– Me har nye anlegg på Kåsmyra, Smibekkhavna og ved Neslandsvatn. Dette gjev oppsving i lokalmiljøet, men det er behov for å auke driftsbudsjettet, seier Melås.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje før etter ferien

Kommunen tok ein runde og kikka på områda Hauge er uroa over i vår.

– Me har bestilt ein gjennomgang frå entreprenøren som leverte apparata. Om det visar seg at leverandøren ikkje har moglegheit til å levere reservedelar eller reparere skadane på leikeapparata, så må me nesten fjerne dei, seier Melås.

Han fortel at entreprenøren ikkje kjem før etter ferien er over.

– Me skal prøve å få anlegga klare og fine til neste ferie, avsluttar kommunalsjefen.