Familien Rosland: Desse her elskar elgjakt. Det bringer familien saman. Gamle historier blir delt og nye minne skapt. Framme frå venstre: May Britt Rosland, Marcus Rosland og Teodor Rosland. I midten frå venstre: Jan Frode Rosland, Tom Einar Rosland og Geir Helge Rosland. Bak: Helge Rosland.

Familien Rosland samlar seg på garden Åmås (493 moh.) når dei skal jakte elg

I fleire generasjonar har dei fyrt opp i omnen og samla seg rundt dei gode historiene og minna frå tidlegare jakter. Dei har planlagt morgondagens postar og drev over kaffi og kake. Bestefar, barn og barnebarn er alle lidenskapleg opptekne av elgjakt.

Samlar familien: Helge Rosland har det som best når han kan samle familien til elgjakt på garden Åmås 493 meter over havet.

Det var faren til Helge Rosland som kjøpte garden Åmås i 1936. Han og mor til Helge flytta dit i 1942 og då kom bror til Helge til. Midt inni skogen på 493 meters høgde ligg alt til rette for å nytte det naturen har å by på.

– Far min var meir oppteken av arbeid og hestar enn jakt, men han var med å elgjakta for mataukens skuld. Det var bror hans Håkon som introduserte bror min og meg for jaktgleda, seier Helge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ivrige barnebarn

Yngre garde: Marcus (t.v.) og fetteren Teodor er like glade i jakt som foreldra og bestefar.

Helge har definitivt vidareført tradisjonen og gleda over jakt i generasjonane etter seg. Høgt oppå eit oktoberfarga Åmås tek Helge, tre søner, ei dotter og to barnebarn imot Drangedalsposten. Det er jaktlaget Dahle/Lauvstad, etablert i 1994, familien høyrer til. Dei jaktar i eit smalt område nedover mot Grova. Der går dei drev, sit på post og brukar stort sett ikkje bikkje. Bikkjene har lett for å jage elgane over i naboens terreng. Ein gong på 90-talet eksploderte elgstammen i området.

Jaktklar nabo: På den smale traktorvegen ned frå Åmås blei det trafikkork då me møtte nabo Olaf Raundalen (t.v.). Olaf (83) og Helge (73) får det kledelege tilnamnet "jaktungdomen på Åmås" av Helges dotter May Britt. 83-åringen Olaf har akkurat vore og reparert børsa si og er klar for årets elgjakt i det Drangedalsposten møter han.

– På det meste skaut jaktlaget 14 elg på eitt år. Nå med storvalet skal jaktlaget skyte 12 elg på tre år. Det har skjedd noko med elgstammen. Det er lågare vekt på dyra og seinare fødde kalvar, seier Helge.

Barnebarna Teodor Rosland (15) og Marcus Rosland (11) opplevde ikkje «elgoradoet» som var på 90-talet, men er svært glade for å koma seg på jakt med familien. Begge to byrja å bli med på elgjakt rundt den tida dei byrja på skulen.

– Eg hugsar fyrste dagen på elgjakt med pappa. Då var eg med å vomme etter at pappa skaut elgen. For meg er elgjakta årets høgdepunkt. Eller eigentleg er all jakt eit høgdepunkt i livet, seier 15-åringen, som ikkje har lov til å jakte storvilt før neste år, men er ein ivrig småviltjeger.

Store naturopplevingar

Stolt far: Jan Frode (t.h.) er glad sonen Teodor er både god skyttar og god til å orientere seg i terrenget. Han er blitt ein ivrig småviltjeger og går lange drev på elgjakta. Neste år kan Teodor også jakte storvilt.

Under elgjakta er Teodor med og driv, og får kyt av resten av familien for å vera flink til å ta seg fram i terrenget med god evne til å orientere seg i skogen. Med seg på dreva har han Marcus, som også har mange minne frå tidlegare jakter. Som til dømes då han og mora May Britt Rosland kom rett på ein stut og ei ku som stod med breisida til.

– Men mamma, som også er ein ivrig jeger, hadde ikkje børsa med seg fordi ho ikkje hadde tatt skyteprøva dette året. I tillegg fekk ho ikkje kontakt med dei andre på jaktlaget. Då blei eg sint på ho. Ikkje lenge etter kom me til ei einsleg ku som stod like fint, men det hjelpte jo ikkje noko utan børse, minnest 11-åringen der han kikkar fram under capsen det står jaktleder på.

I arv: Marcus likar å vera med mamma May Britt på jakt. Saman deler son og mor flotte opplevingar i naturen. Her mimrar dei over ei tidlegare elgjakt dei såg fleire flotte dyr på rappen, men ikkje kunne skyte sjølv om dyra stod fint til.

Han er heilt tydeleg like frelst av haustens store naturoppleving og matauk. Han synest alltid det er stas med elgfall og få vera med å vomme elgen på staden og seinare flå den i garasjen. Dei vaksne på jaktlaget er flinke til å la den yngre garde få sleppe til og prøve seg.

– Det er stas å fyre bål med jaktlaget. Eg kjem til å ta jegerprøva om seks år, legg han til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Elgfall: Førre helg skaut jaktlaget ein nitaggar. Syskenbarna Marcus og Victor Rosland er med og sjekkar elgen.

Tidleg jaktinteresse

Ivrige sysken: Geir Helge (t.v.), May Britt og Tom Einar ivrar like mykje etter å koma seg ut på elgjakt alle tre. For familien er jakta ein viktig tradisjon som går i arv.

Brørne Tom Einar Rosland, Geir Helge Rosland og Jan Frode Rosland og syster May Britt Rosland har alle vakse opp med farens entusiasme for jakt, og den har absolutt smitta over.

– Me fekk inn jaktinteressa samtidig som me fekk barneoppdraginga, smiler Tom Einar, som saman med resten av dei fem syskena har vore med på elgjakt frå barnsbein av.

Geir Helge har saman med kona Ann Kathrin Reiersdal sitt eige fine jaktterreng høyrande til garden deira Kleiva i Tørdal.

– Viss det passar seg slik, så er eg med på jakta her på Åmås også, seier Geir Helge, som tidlegare jakta i Grytdalen. Tom Einar og Jan Frode er med på Åmås kvart år.

Gler seg: Det er ein munter Rosland-familie som møter Drangedalsposten på Åmås. Her er det god stemning på trappa med Geir Helge (t.v.), Marcus, May Britt, Tom Einar og Teodor.

Lette å få med i skogen

– Sonen min på ni år pratar om jakt 365 dagar i året, smiler Geir Helge.

For Jan Frode har det vore viktig å med sonen Teodor på jaktgleda. Teodor er også ein habil skyttar på bane, og blei landsdelsmeister i DFS tidlegare i år.

– Det ser ut til at det har fungert, ler Jan Frode.

Bestefar Helge er ikkje overraska over at interessa for jakt har smitta over på barna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det har ikkje akkurat vore vanskeleg å få dei med i skogen. Det er godt å sjå at dei likar jakt og natur alle fem, seier Helge.

Lyttar til jakthistoriene

Jaktglede: Familien Rosland har ei felles glede. Den er bygd på tradisjonar generasjonar mellom. På hausten samlar dei seg for å nyte årets høgdepunkt, nemleg elgjakta. Framme frå venstre: May Britt Rosland, Marcus Rosland og Teodor Rosland. I midten frå venstre: Jan Frode Rosland, Tom Einar Rosland og Geir Helge Rosland. Bak: Helge Rosland.

Nå er familien samla på Åmås. Dette har dei gledd seg til heile året. Nå startar elgjakta.

– Det er like mykje det sosiale som sjølve jakta, seier Jan Frode.

– Ja, det gode kameratskapen i jakta er viktig, skyt Helge inn.

May Britt synest det er noko ekstra fint med tida frå bukkejakta byrjar og fram til veslejuleftan.

– Då kjem det mange gode sanne historier og ein del skrøner frå dei erfarne jegerane. Det kan reint bli for mykje av det gode når det kjem til skrønene. Å ha ein ihuga jeger til far og minst like ivrige brør har ført til mange gode jaktopplevingar, seier ho.