Traseen: Dette er traseen Jan Roger Andersen ønsker å nytte ATV med belte på. Den går frå Drangedal og inn i Nome.

Får likevel bruke ATV med belte i utmark

Sjølv om rådmannen frårådde politikarane å gje Jan Roger Andersen løyve til å bruke ATV med belte i utmark, gjekk eit samrøystes hovudutval inn for Dag Arild Brødsjømoen sitt forslag om dispensasjon frå gjeldande reglar.

Jan Roger Andersen søkte Drangedal kommune om løyve til motorferdsel i utmark for å transportere bagasje og utstyr til ei hytte som ligg i Nome kommune. Grunnen er at den naturlege traseen fram til hytta er på skogsbilvegen som går frå Tremyr i Drangedal kommune og vidare inn i Nome kommune ved Nedre Furuvann.

– Søker også om å få lov til å ATV med belte til å køyre inn dei tyngste lassa, då det er ein bakke som er svært bratt og nesten umogleg å koma opp med snøskuter med tung slede etter, skriv Andersen i søknaden, skriv Andersen i søknaden til Drangedal kommune.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Foreslo å bruke skuter

Det er søkt om løyve for å nytte snøskuter og ATV med belte. Søknad blei oversendt Drangedal kommune frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 19. januar. Søknaden om løyve til bruk av snøskuter er kurant og er handsama administrativt etter føreskrifta.

Ein snøskuter er etter vegtrafikkloven å sjå som ein beltemotorsykkel, medan ein ATV anten skal bli registrert som traktor, motorsykkel eller moped.

Sjølv om det blir montert belte på ein ATV, vil ikkje køyretøyet automatisk bli ein beltemotorsykkel i vegtrafikklovens forstand. Dette gjorde at kommuneadministrasjonen ikkje ville tillate bruk av ATV med belte, der føresegnene i regelverket spesifikt opnar for bruk av snøskuter.

– Drangedal kommune avslår søknaden om løyve til bruk av ATV med belte i utmark. Avslaget blir grunngjeve med at transportbehovet etter kommunens vurdering kan bli dekt med snøskuter, lydde kommunedirektørens innstilling.

Dag Arild Brødsjømoen (Frp) foreslo å gå imot kommunedirektørens forslag då hovudutvalet for plan, teknikk, næring og miljø handsama søknaden.

– Løyvet blir grunngjeve med at transportbehovet etter kommunens vurdering ikkje kan bli dekt med snøskuter. Bruk av ATV med belte vil dessutan gje færre turar då det kan bli frakta meir per tur, står det å lesa i forslaget hans, som blei samrøystes vedteke av hovudutvalet.