Korona: N/A

FHI trur toppen i sjukefråværet er no og dei neste vekene

Talet på sjukmelde har stabilisert seg på eit høgt nivå. Folkehelseinstituttet meiner det kan bety at vi har nådd toppen i sjukefråværet i denne bølgja.

Det var 55.700 nye personar som sjukmelde seg førre veke, varslar Nav. Talet ligg stabilt òg for talet på koronasjukmelde, som er om lag halvparten.

– Det at dei ser at talet på sjukmelde ikkje held fram med å stige er veldig interessant og i tråd med utviklinga i smittetala vi ser nasjonalt sett, seier fagdirektør for smittevern i Folkehelseinstituttet, Frode Forland, til NTB.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi kan ikkje seie heilt sikkert at dette har snudd, men det er ein indikasjon på at vi kan lese noko ut frå sjukmeldingsstatistikken som samsvarer med smittetala, seier Forland.

Positive tal

Han kallar det relativt positive tal frå Nav.

– Men det er viktig å seie at det framleis er ein veldig krevjande situasjon i mange område. Det er no toppen er her, og mange stader er det vanskeleg å få det til å gå rundt, seier FHI-toppen.

Talet på nye personar med legemeldt sjukefråvær førre veke var 300 færre enn veka før, viser tal frå Nav. Av desse vart 28.900 sjukmelde for koronarelaterte diagnosar, noko som er same talet som veka før.

Trur toppen er no

– Veksten i talet på nye sjukmelde har tydeleg stoppa opp, og talet på nye sjukmelde har no vore stabil dei siste tre vekene. Lettane i smitteverntiltaka har så langt ikkje resultert i fleire sjukmelde arbeidstakarar, seier statistikksjef i Nav, Ulf Andersen.

Det er 27.800 fleire sjukmelde enn same veke i fjor. Det er flest sjukmelde i helse- og sosialtenestene, med 15.100 personar.

Forland i FHI påpeikar at det framleis er eit skyhøgt sjukefråvær fleire stader.

– Statsforvaltarane har regelmessig rapportert om høgt sjukefråvær, og at det i nokre kommunar er opp mot 20 prosent. Toppen er absolutt der, og det at halvparten av alle sjukmelde er sjukmeldt på grunn av korona viser jo òg det, seier Forland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Topp dei neste vekene

– Viss toppen er no, kor lenge vil den vara?

– Toppen er nok no denne veka og vekene som kjem. Sidan det ikkje er ein nedgåande smittetrend i heile landet, er det litt uvisst, seier Forland.

Smittetrenden viser at det i Oslo og Viken har stabilisert seg og no er nedgåande trend, medan alle andre fylke har ein stigande smittetrend. Tala er ikkje direkte samanliknbare på grunn av endringar i testregimet.

– Det er ein trend som er ganske lik som i Danmark. Der dei tidlegare har hatt mest smitte i København, som no har minst smitte. Vi ser jo at dei fylka i Noreg som har hatt minst smitte, no kjem opp på same nivå som dei andre, seier Forland.

Jamt fordelt smitte

FHI har anslått at smittetoppen kjem i slutten av februar og starten av mars. Talet på koronainnlagde kan dermed få ein topp rundt to veker etter det, men for sjukefråværet vil toppen truleg harmonere meir med når smittetoppen er.

– Smittetrenden samlast no på eit nivå rundt 4-5.000 registrerte smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to veker i dei fleste fylke i landet, seier Forland.

Han påpeikar at det er ein nedgåande tendens i dei yngste aldersgruppene. Det kan vere positivt for sjukefråværet sidan smitte i desse aldersgruppene kan medføre dobbelt fråvær: Først må foreldre vere heime med sjuke barn, så sjølv når dei har vorte smitta av barna.