Haustferieaktivitetane du ikkje treng vera verdsmeister for å delta på

Tur til trampolineparken, utekino og mørketur er noko av det barn og unge i Drangedal kan delta på i haustferien.

Snart haustferie: Hilde Fiskum og Drangedal kommune har gjort klar aktivitetar i samarbeid med Gautefall turlag, Drangedal sparebank og Bufdir.

Det nærmar seg haustferie for alle skuleelevar. Somme har planar, andre aner ikkje kva dei skal ta seg til. Dette har Drangedal kommune teke høgde for og har ein fullspekka aktivitetsplan for barn og unge klar.

– Me prøvar å gje eit breitt tilbod i haustferien. Dette er også eit lågterskeltilbod, så du treng ikkje vera verdsmeister for å delta, seier Hilde Fiskum, som er kultursjef i Drangedal kommune.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Morosame opplevingar

– Poenget er å gje påfyll av gode og morosame opplevingar. Det kan bli mange timar å fylle for elevar med ferie. Dei færraste foreldre har fri heile haustferieveka, seier Fiskum.

Aktivitetstilbodet frå kommunen har vore populært ved tidlegare høve, både i haustferie og vinterferie. Nytt av året er samarbeid med Gautefall turlag. Dei arrangerer mørketur med oppmøte på bygdetunet.

– Ta med refleksvest og hovudlykt om du har. Det blir steiking av pinnebrød på bål og natursti i mørkeret, seier kultursjefen.

Ho trur at turane til Skyline trampolinepark på Stathelle og utekino blir populære aktivitetar. I år er det også lagt inn ein aktivitet for eldre.

– Det blir gratis seniorkino der «Elisabeth» blir vist. Eldre og pensjonistar treng også aktivitetar i haustmørkeret. Alle har moglegheit til å delta om dei har fri, seier Fiskum.