Årets høgdepunkt: Jørgen Tengelsen Bø har jakta i over 50 år. Nå ivrar han etter å kome i gang med årets elgjakt på sundag. Han fortel om lange og rike jakttradisjonar i Drangedal. – Det er ein utruleg fin hobby. Elgjakta er ei rik naturoppleving, seier han.

Jørgen er klar for årets høgdepunkt: – Elgjakta er høgtid i bygda

Med over ein million mål skog innanfor kommunegrensene er elgjakta ein del av folkesjela i Drangedal. Det er livsstil, tradisjon og sosialt høgdepunkt. På Framigard Bø i Tørdal ivrar både Jørgen T. Bø og elgbikkjene etter å starte jaktsesongen sundag 25. september.

Klare: Jørgen, Bianco (11), Mikko (11) og Elgi (4) er så klare for elgjakt som det går an å bli. Det titrar i både jegeren og elgbikkjene hans. Sundag er høgtida i gang.

– På ein skala frå ein til ti, kor klar er du for elgjakta nå?

– Ti. Eg er klar, kjem det kontant frå Jørgen Tengelsen Bø frå Bø på Tørdal torsdag same veke som jakta byrja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Travel tid for Jørgen

Lengtar ut: Jørgen fortel om nåtidas og gamledagars elgjakt der han sit ved kjøkenbordet. Han har eit langt liv som jeger. Nå kan han nesten ikkje vente med å få starte på den travle, men kjærkomne jakta.

Sundag braka elgjakta laus i Tørdal. Ventetida er endeleg over. Då Drangedalsposten var innom Jørgen T. Bø same veke som elgjakta skulle starte var det bare små førebuingar att. Slakteknivar blir slipa heime på garden Framigard Bø torsdag ettermiddag. Elgtrekk og pulk blir gjort klar i håp om at det blir bruk for desse. Jørgen startar elgjakta på sundag. Då skal han jakte med heimelaget Bø/Lohne. Deretter reiser han til Heimdal i Treungen.

– På Heimdal brukar eg fire-fem dagar. Då er mykje gjort når du er utprega elgjeger, bryt Jørgen ut i eit stort smil.

Du kan sjå det gnistrar i augo hans. Over kaffikoppen ved kjøkenbordet fortel han at etter nokon dagar med jakt i Treungen, så ber det attende til Tørdal. Då skal det jaktast på vestsida. Etter Tørdal går turen ut til Nåsa/Eikenes i åtte til ti dagar.

– Då bur me i den gamle heimen til kjerringa mi Arnhild, på Elsbutangen, seier Jørgen. Etter det blir det jakta litt hist og pist.

Nervøs på myra

Siste førebuing: Jørgen er i gang med dei aller siste førebuingane til årets elgjakt då Drangedalsposten kjem på besøk på garden Framigard Bø i Tørdal.

– Det er ein utruleg fin hobby. Elgjakta er ei rik naturoppleving. samtidig som du får kunnskap om korleis dyret lever i skogen. Du blir aldri utlært på naturen, seier Jørgen.

Han hugsar godt då han som 14-åring med fersk skyteprøve og våpen i armane blei plassert heilt aleine på ei myr. Då var han ikkje høg i hatten.

– Eg, som er ganske tøff av meg i utgangspunktet, har aldri kjent meg så liten og nervøs som utpå myra der. Heldigvis kom det ikkje dyr, seier Jørgen.

Den fyrste elgen venta han til han var rundt 18 år med å skyte. Det var då han gifta seg inn i ein familie med lange jakttradisjonar at lidenskapen for elgjakt verkeleg blei tent.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Svigerfar var ivrig jeger og svigermor ivrig oppteken av jakt. Ho var suverent god på matlaging og spesialkokk på viltkjøt.

Fødd med børsa i armane

Sju bikkjer: Barnebarna Maren (5) og Karoline (8) viser fram Aria (6) som saman med Minni (1,5) og dreveren Zavo (1,5) står hos sonen til Jørgen, Jørn Tengel Bø. Saman driv dei oppdrett av framtidige familie- og jaktbikkjer.

Systrene til Jørgen brukar å seie at han er fødd på traktoren med børsa i armane. Nå har han jakta i femti år. Saman med sonen Jørn Tengel har han seks bikkjer, fem gråbikkjer og ein drever. Saman driv dei oppdrett av framtidige jaktbikkjer.

– Den klokaste bikkja eg har hatt heitte Janka og var fødd i 1991. Ho kom frå Gausbu, som er ein av landets beste oppdrettarar. Eg har hatt mange bra bikkjer, men Janka var definitivt den klokaste av dei alle. Eg kunne nesten snakke med ho som ho var eit menneske som forstod, seier Jørgen.

– Ho var sikkert like sær som meg. Ho ville ikkje jakte med andre enn meg. Ho var svært knytt til meg.

For å få deg ei god bikkje til elgjakt har Jørgen nokre punkt du må følgje.

– Det er som regel ein fordel å pelle ut ei bikkje med gode blodsliner, så må bikkja ha hovudet på plass. Deretter er det trening og atter trening. Og så må du ha tolmod, seier Jørgen, som sjølv er glad han har hatt ei tolmodig kone som har latt han halde på med jakt og bikkjer i alle år.

Bikkjene er sjølve kjernen

Jørgen brukar mykje tid i skogen. Han trener bikkjene sine i tillegg til å dømme andres bikkjer. Han er dommar på fersk/blodspor og laushund, det har han vore i mange år, og er eit kjend namn i miljøet.

– Eg er svært fasinert over korleis bikkjene fungerer i skogen. Det er stadig noko nytt når det kjem til bikkjene si jobbing. Kunsten er å kunne lese korleis bikkjene jobbar, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Nei, nå må du få med at eg går turar med kjerringa også. Ikkje bare bikkjene, ler Jørgen.

Men akkurat nå er det farleg nær elgjakta og då er fokuset på den.

– Elgjakta er høgtid i bygda. Det er ein livsstil, tradisjon og eit sosialt høgdepunkt mange reiser langt for å koma heim til. I Drangedal står elgjakta sterkt. Me er ein kommune med store skogområde, seier Jørgen.

Aukande bestand av hjort

– Det er fleire som peikar på at det er lite elg i skogane nå, men på 60-70-talet var det langt mindre. På 80-90-talet auka talet på elg monaleg og då blei stammene for store. Det blei hard avskyting ei rekke år, men me stoppa med det litt for seint, seier den erfarne jegeren.

Han fortel at hjortestammen har auka drastisk og meiner det burde bli gjort noko før det blir skralle dyr og mogleg stor skade på skog og innmark, i tillegg til fare i trafikken.

– Dette burde dei ansvarlege forvaltarane tenke litt på. Vestlandstilstandar burde me ikkje ha i Drangedal, seier Jørgen.

Han legg til at det er rikeleg med skog i Drangedal, og at det er plass til både hjort og elg, men ikkje i for store mengder.