Drangedal kirke. Arkivfoto

Kjørkevalet, viktig og vanskelig

Leserinnlegg fra Arne Lauvhjell, pensjonert sokneprest

Me er mange som ikkje ønsker at kjørka skal rekruttere sine tillitsvalde gjennom eit partisystem.

Dei elleve bispedømma har eit bispedømmeråd. Sju av medlemmene i bispedømmerådet blir valde ved kjørkevalet, samtidig med valet av Menighetsråd/Sokneråd. I tillegg velgjer prestane og dei andre kjørketilsette éin representant, og biskopen er det tiande medlemmet.



Bispedømmerådet skal bl.a. tilsette prostar og prestar og nominere kandidatar ved bispetilsettingar,

Dei elleve bispedømmeråda utgjør til saman Kyrkjemøtet – det øvste organet i Den norske kyrkja. Kyrkjemøtet velgjer Kyrkjerådet, som har daglig leiing og utnemner biskopar. Etter forrige val var det Kyrkjemøtet som innførte liturgi for likekjønna vigsel. Den saka vil ikkje vere aktuelt å gjøre om.

Den tradisjonelle lista heiter i år Nominasjonskomiteens liste. Nominasjonskomiteen blir valt av menighetsråda på valmøter i prostia. I vårt bispedømme stiller i tillegg Åpen folkekirke og Bønnelista.

Hovudforskjellen mellom Nominasjonskomiteens liste og dei andre listene er at Nominasjonskomiteens liste er breitt samansett. Dei andre listene er utforma på eit program.

Bønnelista og Åpen folkekirke har førehandskumulert på dei to øvste plassane. Det betyr at dei får ein kvart stemme ekstra. Dermed skal det mykje til å skyve dei frå toppen.

Nominasjonskomiteen si liste har ikkje førehandskumuleringar, men lista er prioritert. Ein kan krysse av inntil tri kandidatar, som får éi personstemme i tillegg. For at vedkommande skal komme oppover, må han eller ho få tilleggstemmer frå minst fem prosent av dei som stemmer på lista.

Bønnelista og Åpen folkekirke er som politiske parti; kandidatane stiller på eit program. Men mange viktige saker på Kyrkjemøtet og i Bispedømmerådet blir ikkje omfatta av program. Dermed er personstemmer viktig i kjørkevalet.

“Kirkens medlemmer bør stemme på meg dersom de er enige i at kirken ikke bør deles i partier, men oppfatte seg selv som en organisasjon der alle står sammen tross uenigheter”, seier Markus Westermoen, listetopp for Nominasjonskomiteens liste i Agder og Telemark til avisa Vårt Land. Nominasjonskomiteens liste har blitt til med utgangspunkt i menighetene.

Meir informasjon om listene og kandidatane finst på nettet - klikk her

Arne Lauvhjell, pensjonert sokneprest