KRISE: Eivind Vrålstad (MDG) tok opp den alvorlige situasjonen det er for husdyrprodusentene med dagens veterinærvaktordning, og ville vite hva ordføreren har tenkt å gjøre med dette.

Krise i veterinærvaktordninga

Under torsdagens kommunestyremøte kom det på slutten av møtet opp en interpellasjon fra representant Eivind Vrålstad (MDG) der han spurte hva ordføreren vil gjøre med den uholdbare situasjonen i veterinærvaktordninga.

– I eit halvt år no, har veterinærdekninga i området vårt vore svært dårleg. Rett nok er vaktordninga fylt opp, og alt ser difor ut til å vere innanfor lovkrav. I teorien skulle altså alt vere i den skjønnaste orden. I praksis er det ikkje mogleg å få tak i veterinær til akutt sjukdom eller skade på kvardagar mellom kl. 8 og 16. I praksis er det ikkje mogleg for bønder å få rutinemessig besøk av veterinær heller. Dette fører til at dyra ikkje blir behandla i tide. Ingen bønder i bygda kan drive forsvarleg.

Eg har sjølv dyr, og har sjølv måtta vente i over 10 timar på å få veterinærhjelp til ei ku med jurbetennelse. For kort tid sidan døydde ein kalv ein annan stad i bygda. Han hadde sannsynlegvis berre trengt ei sprøyte med selen, seir Eivind Vrålstad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Peikar på kvarandre

– Eg har til no vore i kontakt med veterinærklinikkar, Bondelaget, Mattilsynet, Statsforvaltaren, Veterinærforeninga og kommunen, men alle berre peikar på kvarandre, og hevdar dei gjer det dei skal i følgje lova. Samstundes er alle samde om at tilstanden ikkje er forsvarleg, og at det er krise.

Difor lurer eg på: Kva vil ordføraren gjere for å drive denne saka framover, så veterinærordninga blir forsvarleg, spurte Eivind Vrålstad.

Ikkje god nok

Ordfører Tor Peder Lohne (Sp) svarte følgende:

- Ordførar er enig i at veterinærsituasjonen slik den er i Vestmar i dag, ikkje er god nok, slik det opplevast av husdyrprodusentane.

Dette er ei utfordring som ikkje er isolert til Drangedal og Kragerø, men til mange andre stader i landet, blant anna på grunn av knapp tilgang på veterinærar. Administrasjonen har jobba med saka over tid, og eg vil understreke at kommunen sjølvsagt jobbar for å ha ei god veterinærvaktordning i vårt område.

Vaktordninga lysast nå ut for ein ny periode.

Eg har allereie for ei tid tilbake bedt kommunedirektøren om å få i stand eit møte med næringa, slik at me i fellesskap kan gripe fatt i utfordringa. Mattilsynet og Statsforvaltaren vil også vere viktige for å sikre ei god ordning framover.

Budsjett

I lys av at det for veterinærane også kan handle om økonomi i denne saka, har eg bedt kommunedirektøren halde moglegheiten åpen for at me kan legge noko pengar i dette, ut over dei pengane me får i tilskot frå staten. Kommunedirektørens vurdering og eventuelle forslag vil ein kome tilbake til i samband med budsjett. Kragerø kommune er også med i ordninga, og må i så fall vere med på ei ekstraløyving. Derfor har eg også avtalt med ordføraren i Kragerø å møtes om dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me skal sjølvsagt ha ei god veterinærvaktordning som sikrar at produsentane får veterinærhjelp når det trengs, svarte Tor Peder Lohne.