Engasjerte: Desse innbyggarane frå Kroken ber kommunen halde liv i ungdomsklubben som i frå i haust har blitt drive på dugnad. Bak frå venstre: Thea Fjørtoft, Sven Vidar Hahn, Hanne Dalen og Gordon Miles. Framme frå venstre: Trine Eskildt, Kaia Hogner og Anne Karine Grandalen

– Me har ikkje bedd om nokon stilling, men vil ha litt av midlane i potten

Engasjerte innbyggarar i Kroken meiner kommunen burde stø opp om ungdomstilbodet som alt er etablert på Neslandsvatn stasjon. - Me synest dei som sit på pengesekken kan ta seg ein tur hit og sjå kva me har fått til på dugnad, seier dei.

Gordon Miles, Thea Fjørtoft, Sven Vidar Hahn, Hanne Dalen, Trine Eskildt, Kaia Hogner, Kristine Teigen og Anne Karine Grandalen møtte måndag kveld Drangedalsposten i andre etasje på Neslandsvatn stasjon. Der har det sidan i haust vore samla ungdom kvar torsdag kveld. Nå ber Kroken-innbyggarane politikarane om å kjenne si besøkstid når det kjem til midlar til ungdomsklubb, og tek også gjerne i mot fysisk besøk av kommuneleiinga for å syne dei kva som er blitt skapt på dugnad på stasjonen. Det er også overlevert underskriftskampanje for å sikre vidare drift.

– Me har ikkje bedd om nokon stilling, men vil ha litt av midlane i potten, og nå synest me dei som sit på pengesekken kan koma hit og sjå kva me har fått til, seier Dalen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Rette opp urett

Miles stiller spørsmål om kor mykje av ungdomsbudsjettet til kommunen som har blitt brukt på at vaksne sit og diskuterer ungdom.

– Det er viktig å setje inn tiltak slik at ungdom ikkje fell utanfor, seier Hogner.

– Du treng ikkje vera samfunnsøkonom for å skjøne at å redde to ungdom frå å falle utanfor er å spare store framtidige summar for samfunnet, supplerer Fjørtoft.

Hahn er lettare sjokkert over at kommunen ikkje brukar meir pengar på ungdomen etter mobbehistorikken kommunen ber på.

– Me spør verken om lokale eller stilling. Nå har dei ansvarlege for eit inkluderande fellesskap moglegheita til å rette opp urett. Det er noko gale når kommunen heller vil ta vare på grantre enn ungdom, seier han og siktar til at det ikkje skulle stå entusiasme og ressursbruk for å få eit besøkssenter for skog til Drangedal.

– Kommunen må vera sitt ansvar bevisst. Det kjennast ikkje heilt ut som den er det nå. Politikarane burde prioritere det viktigaste fyrst. Og det viktigaste er ungdomen, legg han til.

Feil prioritering: Sven Vidar Hahn og Hanne Dalen meiner kommunen prioriterer feil om dei ikkje prioriterer midlar til ungdomstilbod i Kroken. - Uansett kva me prøvar å få til i Kroken, så er det vanskeleg å få hjelp frå kommunen. Skal me gjera noko, så må me gjera det sjølve, seier Hahn.

15 ungdommar gler seg

Alle er samde om at å få til noko på dugnad ikkje burde bli straffa, men heller løna slik at ungdomsklubben ikkje går med underskot.

– Alt me ønsker er å ha ein møteplass for ungdom i kontrollerte former med vaksne ansvarlege til stades, seier dei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Me vil ha driftsstøtte. Me har 15 ungdommar som gler seg til å koma på Neslandsvatn stasjon kvar torsdag. Nå har me heldt på eit halvår og knekt mange kodar med ungdomen, seier Fjørtoft, som meiner kommunen burde legge ein strategi for å ha fleire ungdomsklubbar i Drangedal.

Miles fortel om ei fantastisk utvikling på ungdomen som er med og jobbar på ungdomsklubben.

– Fyrst visste dei ikkje kva dei skulle gjera. Nå er dei sjølvgåande når det kjem til å utføre oppgåver.

Hang på venterommet

Dei Drangedalsposten snakkar med denne kvelden fortel at før ungdomsklubbtilbodet kom i stand i andre høgda på Neslandsvatn stasjon, så hang fleire ungdom på venterommet på togstasjonen utan oppsyn. Dei bruka dette som møtestad. Etter ungdomsklubben blei starta på dugnad har dette opphøyrt.

– Ungdomen treng å ha ein plass og møte kvarandre utanfor mobilskjermen, seier Fjørtoft.

– Gutar i ungdomsskulealder, spesielt, dett fort utanfor om ikkje er med på fotball- og handballag. På ungdomsklubben har dei ein annan arena å møte kvarandre på, seier Hogner.

– Ja, tenk på ungdomen som ikkje har andre stadar å møte kvarandre. Dei treng trygge rammer med vaksne ansvarsfulle personar til stades. I dette dugnadsprosjektet har me hatt kontinuerleg kontakt med kommunedirektør og ordførar heilt frå starten av, seier Fjørtoft.

Miles meiner det er ekskluderande å ikkje gje midlar til ungdomsklubb i Kroken, som ligg ein halvtime frå Prestestranda.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det er mange tomme ord frå ein kommune som skal vera inkluderande, avsluttar han.