Miljøtiltak på garden kan utløyse støtte frå regionale miljøprogram.

Meir pengar til miljøtiltak i landbruket

No er det på tide å søke om støtte dersom du har gjennomført eit miljøtiltak på garden i 2022. Landbruksdirektoratet har 786 millionar dei skal dele ut.

Potten for regionale miljøtilskot er auka med 30 prosent frå i fjor, og direktoratet ser at fleire bønder gjennomfører gode miljøtiltak på garden. Tilskotet blir utbetalt etterskotsvis, og søknadsfristen er 15. oktober. Men fristen er også ei viktig påminning om å starte planlegginga for neste år, skriv Landbruksdirektoratet.

Tiltak som tradisjonelt har hatt størst tilslutning er å redusere avrenning til vatn og utslepp til luft, og skjøtsel av kulturlandskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Vi veit at det finst gardbrukarar som gjennomfører miljøtiltak også utan å vite om tilskotet, seier rådgivar Ina Kristine Talmo i Landbruksdirektoratet. For andre igjen vil det vere mindre aktuelt, sidan tilskota er skreddarsydde for ulike regionale miljøutfordringar.

Det er no prioritert å redusere påverkinga landbruket har på Oslofjorden, og fylka rundt fjorden får ein større del av pengane. Innlandet og Trøndelag er andre område der store summar skal fordelast, deretter følgjer Vestland.

(©NPK)