– Barn i Noreg bevegar seg for lite, seier generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen.

Ni av ti foreldre vil ha meir fysisk aktivitet i skulen

Foreldre bekymrar seg over at barna er for inaktive, og dei ønskjer meir fysisk aktivitet i skulen, viser ei fersk undersøking.

På oppdrag frå Nasjonalforeningen for folkehelsen har Opinion spurt foreldre om deira syn på barns aktivitet og skjermbruk.

Ni av ti foreldre ønskjer at det skal vere dagleg fysisk aktivitet i skulen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Som helseorganisasjon deler vi bekymringa til foreldra. Barn i Noreg bevegar seg for lite. Aktivitetsnivået fell frå seksårsalderen, og dei større sit stille mesteparten av tida dei er vakne, seier generalsekretær Mina Gerhardsen i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

Vidare viser undersøkinga at nesten sju av ti foreldre er bekymra for at barna sit mykje framfor skjerm. Det er ingen signifikante forskjellar mellom fedrar og mødrer eller alder på foreldra. Dei er alle ganske samstemde om at dei er bekymra på grunn av mykje skjermtid.

– Dette går utover både helse og motoriske ferdigheiter, seier Gerhardsen.

Opinions undersøking er landsrepresentativ, og 500 intervju er tekne med foreldre som har svart for 713 barn.

(©NPK)