Frå februar kan styresmaktene sende eit direkte varsel til mobiltelefonar dersom det oppstår ei krise, opplyser justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Nytt nødvarslingssystem på plass i februar

Det nye systemet til staten for å varsle folk ved kriser skal vere på plass frå februar. Denne veka blir systemet testa.

Det opplyser justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) til NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dermed kan styresmaktene sende eit direkte varsel til alle mobiltelefonar i Noreg.

– Dette er eit viktig verktøy for styresmaktene til å nå raskt ut med informasjon dersom det til dømes er fare eller andre viktige beskjedar, seier Mehl.

Systemet skal vere operativt for både Apple- og Android-telefonar frå februar. Det fungerer også dersom eitt av mobilnetta er nede, opplyser Mehl.

Tyfonane, som gjerne blir kalla flyalarmar, blir i dag brukt til å varsle befolkninga ved kriser. Frå februar er eit nytt varslingssystem på plass som kan sende eit direkte varsel til mobiltelefonar.

Mobilvarslinga skal ikkje erstatte tyfonane, dei såkalla flyalarmane, som i dag blir brukte, men komme i tillegg, har Mehl tidlegare uttalt.