TEK GREP: Per Esborg har hatt det han skildrar som ein mørk vinter. Nå tek han permisjon frå politiske verv for å ordne opp i enkeltmannsforetaket og personlege utfordringar. ARKIVFOTO

Per Esborg tek pause frå alle kommunale politiske verv ut året

For ei veke sidan sende Per Esborg kommunestyret ein søknad om permisjon frå sine kommunale verv ut 2024. I søknaden oppgjev han ønsket om permisjon er av personlege grunnar.

– Grunnen er private forhold, i tillegg er eg nøydt til å bruke tid på å rydde opp i ein del økonomiske forhold knytt til tømrarføretaket mitt. Eg kjenner at det krevjast ein stor innsats som folkevald, og den kapasiteten har ikkje eg nå for tida. Då er det betre at nokon andre tek plassen min inntil eg er klar for oppgåva att, seier Per Esborg til Drangedalsposten.

Psykisk knekk

Han fortel at han ikkje hadde ikkje føresetnaden til å sjå korleis dette skulle bli då han gjekk inn i lokalpolitikken i fjor. Ting som har oppstått undervegs gjer at Per nå tek valet om permisjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg fekk ein alvorleg psykisk knekk i fjor haust, så det har vore temmeleg mørkt i vinter. Nå kjenner eg at det går rette vegen. Men det er ein krevjande veg å gå, seier han ærleg og oppriktig.

– Eg er heldig som har flinke folk i arbeid. Det gjeld både dei som snikrar saman med meg og Deborah Rolland som har kome inn som administrativ medarbeidar i tømrarfirmaet. I tillegg hjelper Rolland til i Halfdans bokhus. Eg kjenner mine svakheiter. Nå er det viktig at eg får kontroll på ting, held han fram.

Ros til eige parti og ordførar

– Sjølv om eg er vekk litt nå, så har eg trua på og støttar leiinga i Drangedal Ap. Partiets framtid er i dei beste hender.

Han gjev honnør til ordførar Stina Anlaug Sætre for at ho har vore forståingsfull i situasjonen som har oppstått.

– Drangedal har ein svært sympatisk ordførar, seier han.

– Ser du for deg å koma tilbake?

– Det gjer eg.

Vil rette opp i ting

– På grunn av situasjonen eg har hamna i, så veit eg at eg har skuffa mange menneske og det er eg svært lei meg for. Min høgaste prioritet i tillegg til å overleve er å rette opp i ting.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etter Esborg flytta ut heimafrå i fjor, så fortel at han har drikke for mykje og hamna på ein plass i livet han aldri trudde han skulle hamne.

– Eg går nå på AA-møte kvar veke og har god effekt av det. Eg har vore heldig å ikkje gjort dei heilt store flausane, men det hadde skjedd om eg hadde heldt fram med drikkinga.

Mange verv å fylle

Torsdag kveld handsama kommunestyret Esborgs søknad om permisjon frå kommunale verv. Dette gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for å gje han etter forslag frå ordførar Stina Anlaug Sætre (Sp). Bernt Andre Andresen (Ap) tek over mesteparten av verva til Esborg.

Elin Reiersdal stilte forslag til nye medlemmer og varamedlemmer for Esborgs verv frå talarstolen etter Ap hadde hatt gruppemøte. Eit samrøystes kommunestyre vedtok Bernt Andre Andresen som formannskapsmedlem med desse som varamedlemmer: 1. Trygve Skåli Kollane, 2. Jonas Moen, 3. Magnus Straume, 4. Hilde Heimholt Furunes og 5. Sissel Bronken.

Bernt Andre Andresen tek også Esborgs plass i administrasjonsutvalet, klageutvalet, valutvalet og valstyret. Magnus Straume blir medlem og Bernt Andre Andresen vara i Grenlandsrådet. I representantskapet for Grenland Brann og redning blir Trygve Skåli Kollane medlem og Jonas Moen vara. Jonas Moen blir også representant til KS og varamedlemmene fordeler seg slik: 1. Nadia Marie Dukefoss, 2. Elin Reiersdal og 3. Bernt Andre Andresen.