Markering: I helga var det tente lys og blomster på staden der den døde mannen blei funnen på jernbanen ved Sagodden på Neslandsvatn.

Politiet etterforskar mistenkeleg dødsfall på Neslandsvatn

Ein person blei funne alvorleg skadd mellom veg og jernbane torsdag morgon førre veke. Den skadde, som viste seg å vera ein mann i 30-åra frå Drangedal, døde kort tid etter av skadane. Politiet ser på dette som eit mistenkeleg dødsfall.

Etterforskingsleiar i Vestmar, Liv Berit Nesland, kunne ved 13.00-tida onsdag opplyse om at personen som døde har blitt obdusert.

– Andre opplysningar ut over det kan ikkje bli gjeve på dette tidspunktet. Politiet vil fyrst kunne gje opplysningar når pårørande er blitt informert, seier Nesland til Drangedalsposten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Store ressursar

Politiet sette inn store ressursar i sporsikring og etterforsking då ein person blei funnen hardt skadd i vegkanten ved Sagodden kro på Neslandsvatn ved sjutida torsdag morgon. Personen var ein mann, og blei kort tid seinare bekrefta død. Politiet gjorde torsdag krimtekniske undersøkingar i området der mannen blei funne av tilfeldig forbipasserande.

Politiet opplyser at hendingsgangen til dei alvorlege skadane framleis er uklare, og politiet jobbar framleis med vitneavhøyr og innhenting av informasjon.

Politiadvokat Kristin Drågen fortel at det er gjennomført ein del vitneavhøyr.

– Det er ganske mange vitne å avhøyre. Politiet har avhøyrd ein del vitne i løpet av helga og vil fortsetje med det denne veka, sa Drågen måndag.

Har blitt obdusert

Neslandsvatn: Politiet og krimteknikarar undersøker staden der det blei funne ein død mann på jernbanen ved Sagodden på Neslandsvatn torsdag 13. oktober.

Fredag opplyste politiet at hendingsgangen til dei alvorlege skadane framleis var uklar, og at politiet jobba med vitneavhøyr og innhenting av informasjon. Då informerte dei også om at mannen blir obdusert tidlegast måndag. Politiet forventar å få den foreløpige obduksjonsrapporten ganske snarleg.

– Me håpar den kan fortelje oss meir om kva som har skjedd med mannen. Politiet held alle kort opne sidan me ikkje veit kva som har skjedd, sa politiadvokaten då.

Politiet skal måndag føremiddag ha eit saksmøte om den vidare etterforskinga.

– Då vil me ta opp om politiet skal gå ut med namnet på den avdøde mannen, seier Drågen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.