Illustrasjonsfoto: Støtteordninga til jordbruks- og veksthusnæringa har som mål å kunne utbetale støtte i andre halvdel av februar 2022.

Regjeringspartia og SV samde om straumstøtte til landbruket

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV er samde om ei mellombels straumstøtteordning for landbruket.

Støtteordninga til jordbruks- og veksthusnæringa har som mål å kunne utbetale støtte i andre halvdel av februar 2022.

Ordninga er basert på prinsippa i straumstønadsordninga for hushalda, men med eit vesentleg høgare tak for straumbruken for jordbruket og utan tak for veksthus, opplyser dei tre partia i ei pressemelding.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Forslaget inneber ei ekstraløyving på 500 millionar kroner.