Nær halvering: Hans Bakke fortel at overskotet frå 2022 ikkje blir på 32 millionar kroner, men 18,3 millionar kroner.

Rekneskapssmell: «Bare» 18,3 millionar i overskot

Drangedal kommunes rekneskap for 2022 er ikkje godkjent. Grunnen er tidspunktet for registreringa av fordelinga av premieavviket på pensjon. Dette fører til at Drangedal kommune går frå estimerte dryge 32 millionar kroner i overskot for 2022 til 18,3 millionar kroner.

Drangedal kommune fekk ikkje godkjent rekneskapen sin for inneverande år fordi årsfordelinga av premieavviket på pensjon blei ført opp for seint.

– Me har jobba med rekneskapen der premieavviket for pensjon er fordelt annleis. Kommunestyret gjorde vedtak i førre møte om å spreie dette premieavviket over sju år og ikkje eitt. Det var difor me kunne estimere med over 30 millionar kroner i mindreforbruk. Men feilen var dette måtte me gjort seinast i desember 2022, seier kommunedirektør Hans Bakke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nær halverer overskotet

Etter å, ifølgje kommunedirektøren, ha fått hjelp av ein pensjonert revisor oppdaga Drangedal kommune at overskotet frå 2022 blir på 18,3 millionar kroner og ikkje det nær dobbelte.

– Nå fordelar me kostnadane for premieavviket på pensjon over eitt år og ikkje sju. Dette gjev eit dårlegare resultat enn venta.

Bomma: Ordførar Tor Peder Lohne forklarar at tidspunktet for grepet til kommunestyret ikkje blei godkjent.

– Tidspunktet for grepet vårt blei ikkje godkjent, seier ordførar Tor Peder Lohne.