Jerv: Jerv kalles Wolverin på engelsk - en skikkelse kjent fra X-men-tegneseriene og -filmene.

Rovdata oppmodar folk til å samle inn jerveskit

Rovdata vil at folk skal delta i DNA-registreringa av jerv, og oppmodar folk til å samle inn jerveskit.

Innsamla prøver kan leverast til Statens naturoppsyn (SNO) lokalt. Prøvene blir så sende vidare til Rovdata for DNA-analysar.

Resultata av desse analysane skal brukast til å overvake og kartleggje arten i Noreg og Sverige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å samle inn, trengst berre plastposar.

– Når du skal samle inn, skal du ikkje ta direkte på skiten, men vende plastposen rundt prøva. Knyt deretter igjen og merk posen med funnstaden, skriv Rovdata i ei melding.

Deretter frys du prøven og leverer han til SNO. Prøvene vil hjelpe Rovdata å finne ut korleis bestanden av jerv utviklar seg over tid.