Steen–Hansen: – Me er klare for å gjera jobben neste vinter også
Richard Steen-Hansen, som driv Steen-Hansen maskin AS, fortel at denne vinteren har vore alt anna enn A4, men at firmaet er klar for å gjera vintervedlikehaldet på størsteparten av fylkesvegnettet i Drangedal også dei neste tre åra.
Steen-Hansen maskin AS driftar vintervedlikehaldet på Grenlandskontrakten, som består av Siljan, Skien, store delar av Drangedal, Nome og delar av Midt-Telemark. Dagleg leiar Richard Steen-Hansen er redd den nye informasjonen om at Veidekke har tatt over for Mesta på ein liten del av fylkesvegnettet i Drangedal blir misforstått med at Veidekke også har tatt over for firmaet hans.
– Me har framleis Grenlandskontrakten og den har me i tre år vidare, seier han.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Fem kuldegrader og regn
Han fortel at det er strekningar på kontrakten til Steen-Hansen maskin som er vanskelege å drifte på grunn av mykje trafikk, høg fartsgrense, variasjon i klima og svingete vegbane. I tillegg har vêret denne vinteren vore særs krevjande.
– Eg har jobba med vintervedlikehald i 25 år og 18 av dei i eige firma. Eg har aldri opplevd liknande vintervêr. Det har regna når det har vore fem kuldegrader i lufta og etterpå har det brått vore 20 minus. Dette er ikkje normalt vintervêr, seier han.
Frå 19. desember til 19. januar opplevde han og kollegaene det mest ekstreme føret dei har opplevd med store temperatursvingingar.
– Vinteren har definitivt ikkje vore A4. Me kom gjennom det sjølv om det var tøft på mange måtar. Me har ikkje mista motet og er klare for å gjera jobben neste vinter også.
Steen-Hansen fortel at samarbeidet med fylkeskommunen er svært godt og at fylke og entreprenør har ein kontinuerleg bra dialog om forbetringar.