Bom fast: Slik såg det ut nær utsalet til Holte gård i ettermiddag. Bilane stod bom stille og venta på strøbil i ein time, ifølgje Helge Øverdal.

Stilleståande kø på fylkesveg 38 i ein time før strøbilen kom

I ettermiddag har det vore glatte vegar i Drangedal att. Mellom Møane og utsalet til Holte gard har trafikken stått stille.

Helge Øverdal er ein av dei som opplevde at trafikken stoppa heilt opp.

– Nå kom strøbilen kom akkurat forbi, seier han over telefon då Drangedalsposten ringer han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som ein skøytebane

Øverdal fortel at han og dei andre trafikantane har vore ståande fast i ein time på fylkesveg 38.

– Det er som ein skøytebane og det er fleire som ikkje tør å køyre, seier han.

Han melder om lange køar i begge retningar.

– Bilane har stått stille frå utsalet til Holte gard og inn til der 80-sona sluttar på Møane, seier han.

Han er tydeleg på at han meiner at det ikkje er bra nok vintervedlikehald på fylkesvegen.

– Eg synest dei som har ansvaret burde vera meir på vakt. Dei burde følgje vêrmeldinga og koma kjappare på vegen når det blir meld slikt vêr som dette. Når me har ei hyttegrend på Gautefall, så må me prestere betre. Viss dette er fasiten, så er det for dårleg. Frå Bostrak er det skikkeleg strødd då, seier Øverland.