Mykje snø: Det er vanskeleg for viltet å ta seg fram i store snømengder. Difor skal dei helst ikkje bli stressa unødig nå. Her har rådyra tatt seg fram i snøen.

Tek omsyn til viltet og innfører ekstraordinær bandtvang

Drangedal kommune innfører ekstraordinær bandtvang for hund. Dette av omsyn til viltet. Dette gjeld frå og med fredag denne veka.

Frå og med 5. januar blir det innført ekstraordinær bandtvang for hundar i heile Drangedal kommune. Drangedal kommune ser det naudsynt å innføre forskrift om ekstraordinær bandtvang som følgje av store snømengder. Denne føreskrifta blir innførast av omsyn til viltet.

Vil bli straffeforfølgd

Ekstraordinær bandtvang: Drangedal kommune innfører ekstraordinær bandtvang.

Ekstraordinær bandtvang innførast for å skjerme viltet for unødvendig stress og mot den ekstrabelastninga lause bikkjer medfører under krevjande snøforhold.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Regelen krev at hunden skal vera fysisk hindra frå å springe fritt. Alle hundar skal haldast bunde eller forsvarleg innestengd. Det er ikkje nok å ha hunden «under kontroll». Bandtvangen gjeld også i eige tun eller hage som ikkje har gjerde med tilstrekkeleg høgde.

Forskrifta gjeld alle hundar med følgjande unntak: Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste, og hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt.

Brot på forskrift om ekstraordinær bandtvang vil bli straffeforfølgd i samsvar med hundeloven.

Gå vekk frå vilt

Dersom vintersituasjonen held fram som nå, vil ein del vilt naturleg omkomme. I fyrste rekke vil dette ramme dyr utan eller bare med små fettreserver, det vil seie seint fødde individ, eldre dyr og dyr med skader.

De store snømengdene gjer framkome og tilgangen til mat vanskeleg for rådyra, og dei trekk ofte nærmare bebygde område.

– Alle bør ta omsyn ved å unngå stader der ein vet vilt oppheld seg og gå vekk dersom vilt blir oppdaga slik at dyra slepp den ekstrabelastninga det er å ha folk innpå seg, melder Drangedal kommune.