STRAUM: I overgangen til eit meir berekraftig samfunn er vi nøydde til å bruke straum smartare enn i dag. For å få til dette må forbrukarane med på laget, noko den ferske rapporten frå Energikommisjonen påpeiker.

Trass i varierte prisar veit få kva straumavtale dei har

Sjølv om ein kan få informasjon om eige straumforbruk ved å bruke smartmålar, veit få at dei har ein straumavtale der prisane er i stadig endring. Tala er henta frå ein ny SIFO-studie med mål om å undersøkje kor fleksible forbrukarane er i straummarknaden.

Blant meir enn 100 ulike straumavtaler i Noreg er dei vanlegaste avtalene spotpris, fastpris og variabel pris. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at 80 prosent har spotprisavtale, noko som betyr at straumprisane kan endre seg frå time til time.

Litt under halvparten av respondentane i studien meinte dei hadde spotprisavtale, mens den andre halvparten sa at dei hadde straumavtaler med fastpris, variabel pris, eller ikkje visste går dei fram i ei pressemelding frå OsloMet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Straummarknaden er komplisert. Mange synest det er vanskeleg å forstå straumrekninga, seier SIFO-forskar Torvald Tangeland i pressemeldinga.

Dei høge straumprisane det siste året har gjort at fleire har vore merksame på prisane og gjort tiltak for å redusere utgiftene. Som det kjem fram i andre undersøkingar frå Sifo, er det mange som slit økonomisk, og nokre oppgir at dei har måtta kutte i mat og andre utgifter for å betale straumrekninga.

I tidlegare studiar kjem det også fram at ei spesielt utsett gruppe er aleineforeldre med låg inntekt som bur i høgprisområda på Vestlandet, Sørlandet eller Austlandet.

Styresmakter og straumbransjen har ein jobb å gjere med å skjerme forbrukarane frå dei store svingane i straumprisane, skriv forskarane i pressemeldinga. Der dei særleg legg vekt på at ein bør få råd om korleis ein skal unngå dei høgaste prisane.

– For å få ned forbruket må fleire over på system som er automatiske og følgjer prisnivået. Det finst metodar for å gjere huset smartare, men dette krev ein viss kompetanse. Vi må lære nye måtar å styre og bruke straum, seier Tangeland.

(©NPK)