Tinghuset: Telemark tingrett har denne veka behandla tiltaler for 14 brotsverk som skal vera utført av same mann.

Ung mann tiltalt for fleire alvorlege straffbare handlingar

Den rusa mannen stansa ikkje det uregistrerte køyretøyet då politibilar blokkerte vegen. Han skal ved andre høve kome med truslar mot nær relasjon, tatt seg inn i andres hus, stole frå bedrift, øydelagt andres bilar og han skal heller ikkje ha tatt seg av kvalpen sin slik at den blei svært tynn og underernært.

Det er ei lang liste brotsverk som blei handsama i dei to dagane som var sett av til rettssaka i Telemark tingrett denne veka. Tiltaleavgjerda lydde på 14 brotsverk. Mesteparten av dei utført i Drangedal.

Pressa seg fram med bil

Ein fredag i juni skal vedkomande i rusa tilstand ha køyrd ein uregistrert bil der han også hadde ein luftpistol, to knivar og ei machete. Det viste seg at han heller ikkje hadde førarkort for å kunne køyre denne bilen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då to politibetjentar gav signal om at den tiltalte måtte stanse og delvis blokkerte vegen med politibil med blålys og sirene slått på, valde den unge mannen å køyre sakte mot politiet i staden for å stanse. Då han nærma seg skal han ha gjeve gass og køyrd inn i politibilen på venstre side og pressa seg mellom politibilen og autovernet.

Han fortsette å køyre på fylkesveg 38 fram til han køyrde ut av vegen og blei pågripen av politiet.

Kom med truslar

Når det kjem til tiltalen om truslar skal han ha vist fram ein luftpistol til ein nær relasjon og uttalt at han skulle skyte nokon denne personen hadde hatt nær relasjon til tidlegare.

Den tiltalte skal også ha tatt seg inn i huset til personen han ville skade med luftpistol ved eit tidlegare høve. Dette skal ha vore same dag som han nekta å stoppe for politiet då dei blokkerte vegen.

Det er også tatt ut tiltale på mannen som skal ha tatt seg inn på eit anleggsområde stelt med seg ein skjerebrennar og to gassflasker.

Pyroteknisk materiale

I juli er vedkomande tiltalt for å ha opptredd skremmande og truande mot ein annan kar på ei adresse i Drangedal. Han skal ha ropt og slått i veggen. Der skal han også ha øydelagt ein lås.

På vårparten i fjor er han tiltalt for å ha oppbevart papphylser med pyroteknisk materiale. På den eine hylsa var det tapa fast ein mengde spiker og den skal ha inneheldt diverse metalldelar og batteri.

Mannen er også tiltalt for å ikkje ha gjeve bikkjekvalpen sin tilstrekkeleg mat og naudsynt næringsstoff både på ei adresse i Drangedal og andre stader. Då hunden blei tatt hand om skal den ha vore svært tynn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Andre stadar i Telemark er han tiltalt for skadeverk på bilar.