Utdanningsforbundet: Situasjonen er alvorleg

Høge smittetal mange stader og rekordhøgt sjukefråvær blant tilsette i barnehagar og skular gjer at situasjonen no er alvorleg, meiner Utdanningsforbundet.

– Erfarne skuleleiarar og styrarar fortel at dei har aldri opplevd noko liknande, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet til NTB.

Tidlegare måndag gjekk LO-forbundet Skolenes landsforbund ut og kravde at trafikklysmodellen i skular og barnehagar kjem tilbake, og at gult nivå blir standard over heile landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Handal seier at han har ikkje smittevernfagleg kompetanse til å kunne vurdere om trafikklysmodellen er det rette tiltaket.

Modellen vart utvikla som eit smitteavgrensande tiltak før mange var vaksinerte. No er situasjonen noko annleis, meiner han.

– Både lærarar og leiarar i skular og barnehagar opplevde trafikklysmodellen som svært arbeidskrevjande å bruke, seier Handal.

Han meiner det er politiske og smittevernfaglege styresmakter som må vurdere ei eventuell innføring av trafikklysmodellen på nasjonalt nivå igjen, men han åtvarar samtidig mot tiltak som kan skape ytterlegare kapasitetsproblem.

– Dette er vi nøydde til å løyse i samarbeid med styresmaktene. Slik situasjonen er no, meiner eg vi bør la kvar enkelt leiar i barnehagar og skular kunne redusere tilbodet dersom dei ikkje har tilgang på nok personell. Eg trur dette er einaste måten vi kan klare å halde skular og barnehagar opne på, seier Handal.