Sputnikfestival: Knut Sputnik Storbukås og kona Vivian i kjent stil frå scenen.

Sputnik fyller 80 år. Føler seg som ein 17-åring

Sundag blir Knut Sputnik Storbukås 80 år og han har ingen planar om å gje seg som artist med det fyrste.

Opna museum: Knut Sputnik Storbukås har selt meir enn 1,5 millioner plater, kassettar og CD-ar gjennom karriera si. Sommaren 2000 opna han og kona Vivian eit eige Sputnik-museum heime på Bostrak. Bildet er frå CD-utgjevinga av «Sputnik 20» i mai 2006.

Då Drangedalsposten snakkar med Knut Storbukås, betre kjend som artisten Sputnik, på telefon tysdag badar samtala i fuglekvitter og grasklipparlyd. Knut er i Danmark. På Midt-Jylland.

– Her er det grøne plenar, så grasklipparane går heile dagen, seier kona Vivian Storbukås, som får beskjed av Knut om å snakke med bladfyken ho også.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

To jubileum på ei veke

Opplevingsrikt ekteskap: Det er Vivian som held orden på alt frå sokkar og truser til konsertar for ektemannen Knut. Denne veka er begge jubilantar. Knut blir 80 år og Vivian 70. Feiringa går føre seg både i Danmark og på Bostrak.

Grunnen til at ekteparet er i Danmark denne veka er at det er dobbeltjubileum. Vivian har også bursdag denne veka. Ho fyller 70 år, han 80. Vivian, som er dansk, blir feira med familie på Midt-Jylland i veka. Når dei kjem heim til Bostrak til helga skal 80-årsdagen til Knut bli markert med grilling med familien.

– Vivian ordnar alt av spelejobbar, i tillegg til sokkane og trusene mine. Ho ordnar alt for meg. Nå har me levd saman i 52 år. Eg er heldig. Det er moro å få feira ho nå, seier Knut.

– Men korleis er det å nærme seg 80 år då Knut?

– Eg føler meg som ein 17-åring. Me flyg så mykje rundt heile verda. Det held oss unge.

Bostraking på sin hals

Garasjekonsert: Det er alltid full fart i garasjen når Sputnik får besøk av grupper som bestiller minikonsert. Her er «Operavennene» frå Oslo på besøk i 2017.

Det er eit aktivt musikarliv Knut og hans høgre hand Vivian har levd. Sputnik har heldt mange tusen konsertar, og gjeve ut 27 plater og ti filmar. Filmane er mellom anna spela inn i Russland, USA og Afrika.

– Ved sidan av har eg køyrd lastebil og brøytt i all mi tid, seier Knut.

– Har du budd heile livet ditt i Drangedal?

– Eg har budd heile livet på Bostrak, rettar Knut bladfyken ettertrykkeleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han sett stor pris på fridomen det gjev å bu på Bostrak.

– Det er så kjekt å bu på landet. Kjenner eg for det, så kan eg gå rett ut av huset og tisse i skauen om eg vil.

Eigen festival: Få artistar har sin eigen festival, men Knut Storbukås har hatt det sidan tidleg på 1990-talet. Dette bildet er frå ein festival på Gautefall hotell i 2007 med litt av Garasjeorkesteret som dei kalla seg: Lillemor Bergmann (t.v.), Berit Solli, Vivian Storbukås og Sputnik.

Blei kjend att i Afrika

Sputnikfestival: Knut Sputnik Storbukås og kona Vivian i kjent stil fra scenen.

Sputnik har likevel reist land og strand rundt, og sett mykje meir enn Bostrak-skog. Han har vore artist i 63 år nå.

– Det har vore mykje interessant og moro. Det er mange gode minner. Eg gløymer aldri den gongen eg spelte i Afrika. Då me var på reise der, så var det ein afrikansk vegarbeidar som drog kjensel på meg og huga ut «Sputnik».

Tilbake til Vivian, så spør me om korleis det er å vera gift med sjølvaste Sputnik.

– Det er vel som med andre ekteskap, men med ekstra mange flotte opplevingar. Eg fall for at han var snill og god. I tillegg stemde kjemien, svarar ho.

Barneheimen i Pattaya

Vivian er spesielt glad for at ho og ektemannen har samla inn to millionar kroner, og bygd barneheim i Pattaya i Thailand. Etter at ekteparet hadde besøkt barneheimen Sjømannskirken driv i Pattaya blei dei bevisste på at dei største barna hadde ein draum om å bu utanfor bardistriktet. Då starta Vivian og Knut på eit stort prosjekt for å kome ønsket i møte. Grunnsteinen til den nye barneheimen blei lagt i jorda på tomta utanfor sentrum i 2013. I 2015 stod barneheimen ferdig.

Ekteparet tok også over fadderordninga frå Sjømannskirken og har etter dette skaffa 58 fadrar som betalar for materiale og klede til skulegangen til fadderbarna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Me sender rundt 30 000 kroner annankvar månad. Det gjer godt å hjelpe til for det er heilt forferdeleg å sjå korleis barna lever på gata i Thailand.

Jenta Vivian og Knut har vore fadrar til i ni år, Chompoo (15), vil bli lege. Ekteparet kostar difor privatskule for ho.

Tek med barnebarna på konsert

I Noreg er det også familie som betyr mykje for ekteparet. Nå har Knut byrja å ta med to av barnebarna på scenen for å opptre. Zelda (6) og Nelia (7) har også vore med Sputnik og spelt inn låtar i studio.

– Dei skal vera med rundt forbi på konsertar i sommar. Me er ein musikalsk familie kan du sei, ler Knut.

80-åringen held fram med scenelivet. I sommar skal han halde konsert i mellom anna Nord-Odal, Geilo og Seljord. Andre plassar også, men det er det Vivian som held styr på fortel Knut.

– Det er framleis like moro å opptre. men nå likar eg å legge meg klokka 21.00. Så det er uaktuelt å spele seint, seier musikaren med ei karriere som eksploderte då han song «Skilles Johanne» på Norge rundt.

– Han skal få halde på så lenge han vil, avsluttar Vivian.