Gode resultat: Hedda Lohne Tveit (17) gjorde det svært bra under grovfelt på LS på Voss laurdag.

Skaut svært bra på grovfelt - kan bli noregsmeister

Hedda Lohne Tveit frå Tørdal skyttarlag skaut svært bra på felt på Landsskytterstevnet laurdag. Med det sterke resultatet 30/18 på grovfelt er ho garantert i finalen.

Hedda Lohne Tveit (17) fekk eit svært bra resultat, med 30/18, på grovfelt på Landsskytterstevnet (LS) laurdag.

– Det var overraskande. Dette hadde eg ikkje trudd, seier ei blid Hedda over telefon sundag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gler seg til finalen

I siget: Heddal Lohne Tveit (17) la vekk forventningane til bra resultat på laurdagens skyting. Det førte til at ho endte opp med svært bra resultat.

Tørdalsjenta, som skyt i klassa V55 eldre juniorar, kjem til å konkurrere mot landets beste skyttarar i finalen. Ungdomsklassa skyt med dei vaksne. Hedda gler seg til finalen som går av stabelen neste fredag.

– Kvifor gjekk det så bra for deg på grovfelt laurdag?

– Eg fokuserte ikkje så mykje på resultatet denne gongen. Førre helg hadde eg større forventningar, men då gjekk det ikkje så bra som nå. Då kom eg på andreplass samanlagt.

Hedda forklarar at på grovfelt går du ei løype med fem standplassar med ulike avstandar til blinkane.

– Eg er svært nøgd med 30/18.

Tysdag skaut Hedda bane og fekk 245 poeng. Det betyr at ho skyt finale onsdag 2. august.

– Der kan eg nok ikkje vinne sidan dei andre deltakarane leiar med meir poeng. Dei beste har to poeng meir.

Moro med gode sambygdingar

Det har verkeleg byrja å lausne med skytinga for Hedda og i det siste har det gått svært bra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Mamma og eg reiste mot LS på Voss torsdag kveld etter jobb. Då stoppa me i Odda slik at eg fekk skote alle tre Noregscupane der fredag. Det gjekk ganske bra trass i at eg mista eit skot det eine stemnet.

17-åringen har att eitt år på vidaregåande skule i Bø. Ho håpar å fortsetje å skyte i Lunde dette året for å vera klar til neste sesong. Tysdag skal ho skyte bane på LS, men der har ho ikkje dei største forventningane til eige resultat. Ho er godt nøgd med drangedølane og tørdølane som stiller på LS i år.

– Det er mange unge og vaksne som gjer det svært bra på LS og det er moro, avsluttar ho.