Finn fine løyper: På loyper.net og skisporet.no kan du finne ut hvor det er kjørt opp skiløyper. Skisporet er også en app.

Visste du at du kan finne skiløyper i Drangedal på nettet?

No er det berre å finne fram skia. Det blir rapportert om mykje snø og gode skiforhold i store delar av landet. Frivillige løypelag og organisasjonar køyrer årleg opp over 30.000 kilometer med skispor. I Drangedal registreres løyper ved Kleivvann og Gautefall på skisporet.no, mens på loyper.net finner du skiløypekjøringa i Kroken, Prestestranda og Knarren rundt.

– Akkurat no er det veldig bra trykk over heile Noreg, seier Anders Bjørnsgaard i skisporet.no til Nynorsk pressekontor.

Skisporet.no viser eit stort fleirtal av dei oppkøyrde skiløypene i Noreg utanom Oslo-området. I alt 700 skistader over heile landet melder inn skiløypene sine til nettsida. Til saman utgjer dei 28.750 kilometer. I tillegg kjem Skiforeningens 2200 løypekilometer på det sentrale Austlandet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bjørnsgaard kan følgje trakkemaskinene og skuterane «live» på kartet, og gler seg over at aktiviteten no er på topp og at alt ligg til rette for gode skiopplevingar i alle landsdelar framover.

Både Sørlandet, Nord- og Midt-Noreg har hatt bra med snø sidan starten på vintersesongen. På Vestlandet og Austlandet har det mange stader vore mindre snø enn vanleg og mange vêrutfordringar, men no ser det betre ut.

– Det er ikkje så mykje som skal til no. Dei fleste stader har ein hatt ein hard sole i botn, og med nokre centimeter med nysnø oppå der, blir det veldig bra. Det lovar godt, seier Bjørnsgaard.

Snøfall og smil

Snøfallet dei siste dagane har fått fram smila på mange av dei store skidestinasjonane i Sør-Noreg. Ved Rauland skisenter i Telemark går dei langt i å garantere gode forhold i løypenettet.

– Eg lovar gode forhold i størsteparten av løypenettet denne helga, elles et eg ullsokkane mine, seier teknisk sjef Tarjei Lundarvollen i Rauland skisenter til NRK.

Statskogs fjellteneste melder også om fine skiforhold og mykje snø for årstida i dei områda dei har synfare i fjellet den siste veka. Det gjeld Nordland, Troms, Femundsmarka og Rørosvidda.

– Skiføret er stort sett veldig bra. Mildvêr og regn tidlegare i vinter har gitt eit hardt underlag sjølv langt opp i høgfjellet. Mange stader er det 10- 15 centimeter nysnø på toppen som gir eit perfekt skiføre, heiter det i rapporten deira.

Innsats verd 216 millionar kroner

Mange frivillige bidreg til at løypenettet i Noreg er så godt utbygt. Skisporet.no trur at kostnaden ved å halde ved like skispora i løpet av ein vintersesong er ein stad mellom 144 og 216 millionar kroner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Anders Bjørnsgaard meiner staten må bidra med meir.

– Dette arbeidet har ein enorm verdi for folkehelsa. I andre land i Mellom-Europa blir oppkøyring av skiløyper sett på som eit fellesgode med ein stor andel statleg finansiering. I Norge er det aller meste basert på frivillig innsats, og det offentlege bidreg lite.

– Det er eit stort arbeid som blir lagt ned, og det er krevjande å finansiere fordi ein ikkje kan ta seg betalt som til dømes i ein alpinbakke. Alle snakkar om dei fine løypene, og det er mange som bidreg økonomisk, men det er også mange gratispassasjerar, seier Anders Bjørnsgaard til Nynorsk pressekontor.