Knarren rundt går som planlagt

Runar Kleiv opplyser at årets Knarren Rundt går som planlagt, skjærtorsdag på Fjågesundheia. Værmeldingene lover finvær.

Runar Kleiv forteller at det er veldig flotte forhold rundt Knarren med snødybde på 90 cm.
– Detta er eit turrenn som har blitt arrangert Skjærtorsdag hvert år sidan 1979. Det blir arrangert av IL Tørn og Fjågesund IL. Løpet er 11,5 km langt og går som kjent i i klassisk stil, opplyser Kleiv.
– Knarren Rundt samlar hvert år mange hundre mennesker på Fjågesundheia.

Løyperekorden
Kleiv forteller at rekorden er 454 deltagerar, fordelt på aktive og publikumsklassa.
Løyperekorden i herreklassa har Runar Skaug Mathisen med tida 27:33. Løyperekorden i dameklassa har Marianne Hermansen med tida 34:13.

Mini-Knarren
Det blir også i år Mini-knarren, for løperar frå 10-15 år. Detta er 2,7 km langt, sier Kleiv.

Velkommen
Arrangørane håpar på flott påskevær og masse folk på Fjågesundheia denna dagen.
– Velkommen til ein flott skidag på Fjågesundheia, avslutter Runar Kleiv.