Jon Rikard Kleven og partileder Trygve Magnus Slagsvold Vedum. Foto: SP
Jon Rikard Kleven og partileder Trygve Magnus Slagsvold Vedum. Foto: SP

Jon Rikard Kleven foreslått som ny fylkesleiar i Telemark Senterparti

Valgkomiteen i Telemark Senterparti har samrøystes innstilt overfor fylkesårsmøtet
28.og 29.februar på Hotell Klubben i Tønsberg Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje som
ny fylkesleiar i Telemark Senterparti. Olav Urbø, Tokke har etter 4 år som fylkesleiar
takka nei til attval.

Jon Rikard Kleven er 47 år og bur i Øyfjell i Vinje kommune. Han er utdanna jurist og var
varaordførar i Vinje kommune frå 2011 til 2015 og blei valt til ordførar etter kommunestyrevalet i
2015 for perioden 2015-2019. Ved valet i 2019 oppnådde han og Senterpartiet reint fleirtal med
52,6% og 14 mandat i kommunestyret.
Valgkomiteen har elles foreslått følgjande:
2. nestleiar: Heidi Herum, Bamble, attval 2 år
Styremedlem: Bjørn Sverre Sæberg Birkeland, Tinn, attval 2 år
Valgkomiteen har også innstilt overfor årsmøtet å utvide fylkesstyret med ein person og har
foreslått Knut Jarle Sørdalen, Kragerø.

Som fast møtande 1. vara til fylkesstyret er foreslått Kristian Leerstang Sørensen, Porsgrunn.
Ikkje på val:
1.nestleiar: Åslaug Sem-Jacobsen, Notodden
Studieleiar: Kari-Anne Nordbø, Nissedal
Styremedlem: Borgar Kaasa, Bø
I tillegg møter fast i styret
Torunn Brukåsa Kleiva, Nome, leiar Telemark Senterkvinner
Robert Lien, Skien, leiar Telemark Senterungdom
Jan Thorsen er foreslått som fast møtande som nestgruppeleiar i Vestfold og Telemark
Senterparti si fylkestingsgruppe. Kathrine Kleveland møter i styret i Vestfold Senterparti.

Valgkomiteen har hatt følgjande medlemmer:
Birgit Johanne Olsnes, Tokke, leiar
Kjell A Sølverød, Siljan
Gunhild Lurås Tinn
Rønnaug Woxen Thoen, Midt-Telemark

Kilde: Pressemelding. Telemark Senterparti, 22.01.2020.